Naturvernforbundet slakta vasskraftsøknad i Surnadal

Søknaden om utbygging av Bele kraftverk i Surnadal har så dårleg kvalitet at Norges vassdrags- og energidirektorat ikkje burde ha sendt han på høyring i det heile, meiner Naturvernforbundet.

I ein omfattande fråsegn går Naturvernforbundet gjennom søknaden om utbygging av Bele kraftverk og peiker på manglar. Manglane er så omfattande at det ikkje er mogleg å avgjøre saka slik ho står no. Naturvernforbundet har uansett ikkje tru på at dette prosjektet kan gjennomførast med regulering av Belevatna.

Av dei momenta Naturvernforbundet peikar på, kan det nemnast at prosjektet har stor negativ verknad på gjenverande inngrepsfrie område i Møre og Romsdal, eit område også Møre og Romsdal fylke har prioritert i sin fylkesdelplan for inngrepsfrie område. Vesentlege friluftsinteresser, m.a. for Fjordruta, er ikkje drøfta.

I utgangspunktet skal det gjørast undersøkingar av naturmangfaldet og naturtypar i samband med søknader om utbygging. Naturvernforbundet kan ikkje sjå den rapporten som ligg ved søknaden kvalifiserer til å vere ei undersøking av naturmangfald og naturtypar. Det er for mange manglar og feil til det.

Naturvernforbundet er elles kritisk både til planane om regulering av Belevatna, vurderingar rundt minstevassføring og utbyggaren sine meiningar om kor store inngrep utbygginga vil føre til.

I grunngjevinga i søknadenstår det to føremål, å skaffe inntekter til tiltakshavarane, som ein kan rekne med er rett viss budsjettet held, og sikre busetnad som ingen veit noko større om. Eigaren må bu nokon stad, men det brukar ikkje vere noko krav i konsesjonen om at eigaren må bu i kommunen. Følgjeleg bør styresmaktene heller ikkje legge så mykje vekt på dette med busetnad.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegna frå Naturvernforbundet