Naturvernforbundet spør Enoksen: Kvifor fekk ikkje Sula støtte?

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal fekk høve til ein prat med olje- og energiminister Odd Roger Enoksen på ferga mellom Hollingsholmen og Aukra tysdag 10. januar. No ber Naturvernforbundet om eit nytt møte om energisituasjonen i Midt-Noreg.

Naturvernforbundet påpeiker at Enoksen har ønskja å møte både politikarar og energiselskap i Midt-Noreg, og spør om det også er aktuelt å møte miljøvernarar. I brevet tek Naturvernforbundet dessutan opp dei tre krava Enoksen fekk på ferga:

1. Møre og Romsdal bør bli pilotfylke i energisparing

2. Møre og Romsdal treng planar for vind og vatn

3. Gasskraft utan klimagassreinsing kjem ikkje på tale

Naturvernforbundet påpeiker den manglande samanhengen mellom påstandane om kraftmangel i Midt-Norge og det faktum at Sula kommune tidlegare i år fekk avslag på ein godt grunngjeve søknad om strømsparetiltak. Det er nødvendig å få eit betre svar på kvifor nokre statlege etater framstiller situasjonen som svært kritisk medan andre ikkje ønskjer å støtte energisparetiltak som vil vere nødvendige i fylket.

Naturvernforbundet minner også olje- og energiministeren om at to av dei fire CO2-handteringstiltaka til Industrikraft Møre ikkje er reell CO2-handtering.

For meir informasjon kan fylkesleiar Øystein Folden kontaktast på telefon 91 81 25 42.

Les brevet til olje- og energiminister Odd Roger Enoksen

Sula kommune med søknad til Enova

Avslag frå Enova

Oppslag i Sulaposten

Sulaposten 30. mars 2006: Enøk-kommunen Sula