Naturvernforbundet spør Fornyingsdepartementet om subsidiering av LNG-fabrikk er lovleg

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal stiller i eit brev til Fornyings- og administrasjonsdepartementet nokre spørsmål om korleis regelverket om offentleg støtte skal tolkast. Bakgrunnen er at Møre og Romsdal fylke har vedteke å gi støtte til etableringa av eit anlegg som skal fryse og komprimere fossilgass (LNG).

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er lite nøgd med at Møre og Romsdal fylke like før jul gav tilskot i form av risikokapital til bygginga av ein LNG-fabrikk (LNG er flytande metan eller ”naturgass”) i fylket. Naturvernforbundet meiner prinsipielt at offentlege tilskot i størst mogleg grad bør nyttast til meir miljøvennlege føremål enn vidareføring av petroleumsverksemd. Vi er også uroa over at subsidiering av LNG-produksjon kan utkonkurrere meir miljøvennlege energiberarar som biovarme og enkelte typar biodrivstoff, t.d. biogass.

LNG er også ein vare det er regionale og etter kvart ein global marknad for. Noreg har starta eksport av LNG til USA (frå Snøhvit og Hammerfest), og LNG har etter det Møre og Romsdal fylke opplyser også blitt importert frå Spania når det har vore manglande tilgjenge i Noreg. Ei grunngjeving for støtta kan nettopp sjå ut til å vere eit ønskje om å erstatte importert LNG med eigenprodusert LNG, ei grunngjeving som vel er noko ”på kanten” i forhold til EØS-reglane.

Naturvernforbundet har ikkje oversikt over øvrig finansiering av den planlagde LNG-fabrikken, vi har difor ikkje kunnskap om anna offentleg støtte kan vere gitt eller lova, t.d. frå Enova, Innovasjon Norge eller andre aktørar. Vi har likevel merka oss at det er fleire offentlege eigarar involvert.

I ei rettleiing frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet om offentleg støtte er det gitt retningslinjer for offentleg støtte i form av risikokapital. Naturvernforbundet er usikre på om desse reglane gjeld for det aktuelle tiltaket, og om regelverket blir etterlevd i denne aktuelle saka.

Naturvernforbundet ber difor om departementet si vurdering av dette.

I 2006 klaga Naturvernforbundet fylket inn for ESA etter at fylket saman med Ålesund kommune ville subsidiere etableringa av ei flyrute mellom Vigra og London.

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Brevet til Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Oppfølgingsspørsmål til Møre og Romsdal fylke