Naturvernforbundet spør Høgre om vassdragsvern

I valkampopninga si 5. juli 2007 tok fylkesordførarkandidat Olav Bratland i Møre og Romsdal Høgre til orde for å byggje ut meir vasskraft, også verna vassdrag. Dette fekk Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til å kontakte Høgre:

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal reknar dette for å vere eit litt lite gjennomtenkt utspel, det er vel typisk for valkamp i juli? Stortinget har, med stemmene til Høgre, vore med på å vedta at vi skal forsøke å stogge tapet av naturmangfald i Noreg innan 2010.

Har Høgre tenkt at utbygginga av Rauma og Ulvåa skal foregå etter 2010, og at vedtaket ikkje gjeld lenger då?

Vil Høgre også ta initiativ til å oppheve vernet som nett blei innført av Reinheimen nasjonalpark og landskapsvernområda ned mot Romsdalen?

Naturvernforbundet saknar seriøse tilbakemeldingar frå Høgre på dei planane vi har lansert om energisparing. Når får vi ein debatt om dette?

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har heimesider på www.naturvern.no/moreromsdal