Naturvernforbundet spør Miljøverndepartementet om praktisering av naturmangfoldloven på skogsvegsaker
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har oppfatta det slik at fylkesmannsembeta i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag har samsnakka og er samde om at dei i naturmangfoldsamanheng berre skal vurdere verknaden av vegstrengen og ikkje gå inn på verknaden som kan kome av at skogen vegen fører fram til blir hogd.
![](https://naturvernforbundet.no/content/uploads/sites/14/2012/02/IMG_0814.JPG2028articledisplay29.jpg)
Naturvernforbundet har i brev til Miljøverndepartementet bede om ei avklaring på om denne praktiseringa er i samsvar med Miljøverndepartementet sitt syn på korleis lova bør praktiserast.