Naturvernforbundet spør om detaljerte utbyggingsplanar for vassdrag
Morgådalselva, Loftdalselva og Rabbelva i Rauma kommune har fått konsesjon til utbygging, til tross for mange uavklarte spørsmål om biologisk mangfold.
Naturvernforbundet ber NVE om å få tilsendt dokument som gjeld detaljplanlegging av dei tre planlagde vasskraftutbyggingane. Dei mest uavklarte spørsmåla var:
For Morgådalselva: Vegføring opp lia i form av slyngveg.
Rabbelva: Skråføring av røyr i bratt li på grense mot edellauvskog.
Loftdalselva: Plassering av kraftstasjon nært turstigen.