Naturvernforbundet spør om dumping av massar frå bygginga av Kvivsvegen

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har blitt kontakta av medlemmer i vårt lokallag i Ørsta og Volda som er uroa over framgangsmåten ved byggjinga av Kvivsvegen. Som kjent har Kvivsvegen særlege utfordringar når det gjeld naturmangfald.

Etter det Naturvernforbundet har fått opplyst, blir lausmasse fylt utanfor steinfyllinga langs Eidsvatnet, til dels oppå isen. Dette skal også gå fram av bilda som ligg ved. Ein slik praksis gir grunn til uro, større mengder lausmassar som blir skylt ut i vassdraget kan gi endra levekår for paddane.

Naturvernforbundet spør difor Statens vegvesen kva som er stoda i denne saka.

Brevet til Statens vegvesen

Ytre miljø-plan for bygging av Kvivsvegen

Kontrollprogram for Statens vegvesen

Konsekvensutgreiing for Kvivsvegen med tema biologisk mangfold

Svar frå Statens vegvesen 24. mars 2010

Plan for ytre miljø ved utbygging av Kvivsvegen

Kontrollprogram ytre miljø for byggjing av Kvivsvegen

Svarbrev til Statens vegvesen 7. april 2010

Spørsmål frå lokallaget