Naturvernforbundet spør om gjødselspreiing på frossen mark i Tingvoll

Den 17. mars 2009 registrerte Naturvernforbundet i Tingvoll at det blei spreidd husdyrgjødsel på ei eng på Meisingset.

Naturvernforbundet ber landbrukskontoret i Tingvoll om svar på ei rekke spørsmål:

1. I gjødselvareforskrifta frå 2003 § 23 er det lov å spreie husdyrgjødsel etter 15. februar, men ikkje på frosen mark. Naturvernforbundet har grunn til å tru at i alle fall delar av arealet var frose på tidspunktet då spreiinga gjekk føre seg.

Kva vil landbrukskontoret gjere for å klarlegge dette?

2. Gjødsla areal ligg ned mot elva som kjem frå Hanemsvatnet. Denne elva munnar ut i sjøen litt lenger mot nordaust, og i dette området finst det registrert ein naturtype med regional verdi knytt til vågos og strandeng. Med det griseveret som har vore dagen etter gjødselspreiinga kan ein vel rekne med at husdyrgjødsla påverkar heilt andre stader enn det som var meininga. Kva vil landbrukskontoret gjere med det?

3. Det finst ikkje ein oppegåande bonde i vårt distrikt som gjødsler med fullgjødsel på denne tida av året. Det er berre tidlege areal i vårt distrikt som ein år om anna kan rekne med kan gjødslast i første del av april slik at næringsemna kjem grasveksten til nytte. Arealet som det blei spreidd på no har vi ikkje oppfatta mellom dei spesielt tidlege areala. Såleis meiner vi at det her nærast må vere tale om dumping av husdyrgjødsel. Gjødselemne som ikkje kjem til nytte for avlinga vil nesten alltid vere næringsemne på avvege, og då oftast til skade for naturen. Kva vil landbrukskontoret gjere for å stoppe dette problemet?

4. Gjødselspreiinga skuldast truleg ein sprengfull gjødselkum. Men det finst ofte andre løysingar enn å kaste møkka. T.d. kan det vere det finst gjødselkummar som står ledige. Kjenner landbrukskontoret til om slike løysingar er vurdert? Og kva er grunngjevinga i så fall frå bonden om slike moglege løysingar ikkje er brukt?

5. Husdyrgjødsling skal skje i samsvar med gjødslingsplan, jf. §22 i gjødselvareforskrifta. Finst det ein plan som legg opp til slik gjødsling som i dette høvet? Og kva har landbrukskontoret tenkt å gjere om dette ikkje er i samsvar med gjødslingsplana?

6. Vil landbrukskontoret vurdere reaksjonar, jf. gjødselvareforskrifta §§ 32-35?

Kontaktperson for denne saka er lokallagsleiar Øystein Folden, telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Brevet frå Naturvernforbundet i Tingvoll til Tingvoll kommune

Svar frå Tingvoll kommune