Naturvernforbundet spør om handtering av farleg avfall frå tunnelrenovering

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal ønskjer å få vite kva Statens vegvesen vil gjøre med det farlege avfallet frå renoveringa av Ålesundstunnelane. Naturvernforbundet ber også om tilbakemelding på kva slags materialar som finst eller har vore i andre tunnelar i fylket, og på kva krav som blir stilt til dei materialane som blir nytta i dag.

Arbeidet i Ålesundstunnelane er inntil vidare stoppa, men både her og andre stader i fylket er det aktuelt med renovering. Dessutan er miljøgifter også eit tema i nye tunnelar. Difor har Naturvernforbundet tatt kontakt med Statens vegvesen for å få ei avklaring.

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Brevet frå Naturvernforbundet til Statens vegvesen

Møteinnkalling frå Statens vegvesen

Oppsummering etter møtet