Naturvernforbundet spør om hyttebygging i Vanylven

Epost frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Møre og Romsdal fylke.

Fra: Øystein Folden
Sendt: 25. januar 2007 21:19
Til: Møre og Romsdal fylke
Emne: Hyttesak ved Skjevatnet i Vanylven – dokumentinnsyn

I avisa Synste 25.1.2007 var det ein artikkel om ei hyttesak i Vanylven:

Hyttestriden held fram

I måndagens planutval var det samrøystes vedteke at planutvalet opprettheld tidlegare vedtak om å gje dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for bygging av hytte ved Skjevatnet. Planutvalet tek dermed ikkje klagen frå Møre og Romsdal fylke til fylgje. Fylket har klaga på det vedtaket i planutvalet i Vanylven tok. I arbumentasjonen frå fylket vert det drege fram at lokaliseringa er konfliktfylt i høve til landskap og vil privatisere det mest attraktive området for opphald ved vatnet.

Politikar Einar Ebbesen (kp) som meiner hytta bør få stå, føler at administrasjonen har overkøyrt politikarane i denne saka.

– Eg føler at denne saka har vorte ein kamp mot eigen administrasjon, eg vil vere fråbedt å verte overstyrt frå administrasjonen. Dette har vi vedteke tre gonger, og vi må halde fram med å stå på vårt syn. Det skulle vere unødvendig at vi vert motarbeidd av våre eigne tilsette, sa Ebbesen.

Tormod Hvattum (sp) var kritisk til den synfaringa som gjekk føre seg:

– Kvifor var det ikkje ein representant frå planutvalet med på den synfaringa? Kjenner nokon til om representantar frå planutvalet i det heile tatt fekk tilbod om å vere med? spurde Hvattum, som meinte at utfallet av denne saka kanskje ville ha vore annleis dersom ein frå planutvalet var med på synfaringa.

Vanylven kommune tek ikkje klagen frå fylket til følgje. No skal saka sendast over til Fylkesmannen i Møre og Romsdal for vidare klagebehandling.

*** Det ser ut til at det må vere ei saksmappe hos fylket på denne saka. Naturvernforbundet har fått tips om saka. Vi vil nok gjerne arbeide med opinionen i denne saka, sidan ho truleg er komen så langt at det ikkje er noko anna vi kan gjere. Då treng vi dokument så vi kan få sett oss meir inn i saka. Det vil difor vere fint om vi kan få dette tilsendt, gjerne digitalt, til moreromsdal(a)naturvern.no. Med helsing Øystein Folden Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 6630 TINGVOLL

Brev frå Vanylven kommune til Møre og Romsdal fylke 1. mars 2006

Brev frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal til Fornyings- og administrasjonsdepartementet 22. mars 200

Brev frå AC Nørve juridisk kontor til Fylkesmannen i Møre og Romsdal 17. mars 2006

Brev frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet til Fylkesmannen i Sør-Trøndelag

Brev frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal til Fylkesmannen i Sør-Trøndelag 20. april 2006

Brev frå Fylkesmannen i Sør-Trøndelag til Fornyings- og administrasjonsdepartementet 2. mai 2006

Brev frå Fylkesmannen i Sør-Trøndelag til Vanylven kommune 15. august 2006