Naturvernforbundet spør om miljøkrav til fergeanbod
Det blir i desse dagar gjennomført ein anbodskonkurranse for fergedrifta i Romsdal. Naturvernforbundet ber Statens vegvesen legge vekt på miljøomsyn ved val av fergetilbod.
I § 3-1 i forskrift om innkjøpsregler i forsyningssektorene heiter det m.a.: ”Offentligrettslige organer skal under planleggingen av den enkelte anskaffelse ta hensyn til livssykluskostnader, universell utforming og miljømessige konsekvenser av anskaffelsen.”
Naturvernforbundet ber Statens vegvesen legge stor vekt på miljøomsyn ved val av fergetilbod i Romsdalsregionen. I denne samanhengen har Naturvernforbundet fleire spørsmål:
1) Kva miljøkrav blei stilt i denne konkurransen.
2) Kva dokumentasjon har Statens vegvesen på at fergetilbodet etter gjennomføringa av konkurransen vil gi lågare CO2- og NOx-utslepp?
Naturvernforbundet ønskjer at Statens vegvesen legg fram eit miljørekneskap i samband med at det blir vald ein leverandør.
Kontakt leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal på telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Jeg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet