Naturvernforbundet spør om Rogneskarvegen

Epost 15. oktober 2006 frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Ørskog kommune.

Naturvernforbundet har nyleg fått melding om at det no blir bygd skogsveg opp Rognskaret mot Nihusen i Skodje. Sist veke har vi fått tilsendt eit vedtak gjort av skogbrukssjefen i Ørskog den 13.4.2005. Likeeins er vi kjent med eit oppslag i Bygdebladet 4.10.06.

Omlag halvparten av vegen som no blir bygd ser ut til å gå i eit område som vanskeleg kan gje økonomi som tilseier bygging av veg. Såleis er det eit spørsmål om denne vegen kan handsamast som veg i landbruket eller som ein veg som skal handsamast etter plan- og bygningslova.

Naturvernforbundet er heller ikkje kjent med at friluftsinteressene har fått høve til å gjere sine interesser gjeldande før vedtak blei gjort. Det er i vedtaket heller ikkje sagt noko om naturverdiane i området.

Naturvernforbundet ber difor om følgjande dokumentasjon:
– Kopi av søknaden
– Nærare grunngjeving for vedtaket
– Oversyn over nøkkelbiotopregistreringar i dette området.

Viss opplysningane finst digitalt, får vi dei gjerne tilsendt som epost, og med andre dokument tilsendt som vanleg post i tillegg.

Med helsing

Øystein Folden leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 6630 Tingvoll tlf 918 12 542/71 53 33 31 epost: moreromsdal(a)naturvern.no
internett: www.naturvern.no/moreromsdal

Skogsveg på Nihusen i Skodje. Her startar vegen.Foto: Naturvernforbundet

Skogsveg på Nihusen i Skodje: Første stigning på vegen.Foto: Naturvernforbundet

Skogsveg på Nihusen i Skodje: Mot første svingFoto: Naturvernforbundet

Skogsveg på Nihusen i Skodje: SvingFoto: Naturvernforbundet

Skogsveg på Nihusen i Skodje: Mot slutten av vegenFoto: Naturvernforbundet

Skogsveg på Nihusen i Skodje: Her sluttar vegenFoto: Naturvernforbundet

Skogsveg på Nihusen i Skodje: To nye byggFoto: Naturvernforbundet

Skogsveg på Nihusen i Skodje: Fra ØrnekulaFoto: Naturvernforbundet

Skogsveg på Nihusen i Skodje: Spor etter beltemaskinFoto: Naturvernforbundet

Skogsveg på Nihusen i Skodje: Råsa ned frå NihusenFoto: Naturvernforbundet