Naturvernforbundet spør om Stad skipstunnel

Epost til Kystverket 17. oktober 2006.

Det har dei siste dagane vore noko merksemd om denne saka i lokale media.

Det er lenge sidan saka var på offentleg høyring, og arkiva til Naturvernforbundet er ikkje samla på ein stad. Kan de sende oss kopi av melding, konsekvensutgreiing og alle uttalene i denne saka, det skal visstnok vere frå 2000 – 2001? Det hastar ikkje. Har de dette samla elektronisk er det enda betre.

Kan de også sende kopi av noko som skal ha vore på høyring rundt påsketider i år?

Adresse:

Øystein Folden

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

6630 TINGVOLL

Epost: moreromsdal(a)naturvern.no

Internett: www.naturvern.no/moreromsdal