Naturvernforbundet spør samferdselsministeren om frimerkeavfall
Små bekkar små gjør ei stor å. Naturvernforbundet i Tingvoll har spurd Posten om avfallsreduksjon har vore tema når dei lagar frimerke. Sidan Posten ikkje har svart, spør Naturvernforbundet no samferdselsministeren.
Naturvernforbundet prøver å ordne seg slik at vi lagar minst mogleg avfall. Difor spurte Naturvernforbundet i Tingvoll i 2006 posten kor mykje avfallsmateriale det blir av 1 000 000 sjølvklebande merke i forhold til kor mykje avfall det blir av 1 000 000 prestekragemerke.
Etter purring tidlegare i 2007 kom det framleis ikkje noko svar. Sidan miljøinformasjonslova gir alle rett på svar i slike saker, har Naturvernforbundet no bede Samferdselsdepartementet som overordna departement om eit svar.
Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet