Naturvernforbundet spør Statens vegvesen om miljø i Ålesundstunnelane

Naturvernforbundet har den siste tida registrert to sakar som har gjort det nødvendig å be Statens vegvesen om ei avklaring av kva miljøomsyn etaten tek i samband med anleggsverksemd.

Det er både klagar på ulovleg dumping av masser i samband med bygginga av ny fergekai i Solavågen og uklåre ansvarstilhøve i tilknytning til renovering av Ålesundstunnelane som har fått Naturvernforbundet til å skrive brev til Statens vegvesen.

I brevet stiller Naturvernforbundet fire spørsmål:

1) Kva retningsliner nyttar Statens vegvesen i forhold til leverandørane sine når det gjeld deponering av masser på sjøbotnen.

2) Kor mykje avfall vil det oppstå i Ålesundstunnelane, kva avfall er det og korleis vil det bli handtert?

3) Er vatnet som blir pumpa ut av Ålesundstunnelane undersøkt for forureining, og kvar havnar dette vatnet?

4) Kva er miljøeigenskapane til dei nye produkta som skal nyttast ved renoveringa av Ålesundstunnelane?

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Les brevet frå Naturvernforbundet