Naturvernforbundet sterkt kritiske til kommuneplanen for Kristiansund

Kristiansund kommune har hatt ute på høyring eit forslag til ny arealdel til kommuneplanen. Naturvernforbundet er i si fråsegn frista til å ønskje folk velkomne til naturasyl i andre kommunar om dei har interesse av å leve i kontakt med den naturen mennesket som art trass alt er ein del av. Så får entreprenørane, ingeniørane og pengetrillarane halde seg i bingen i Kristiansund slik at dei kan øydelegge dette arealet heilt og fullstendig.

Gjennomgåande er det ei utfordring i arealdelen at det i mange av utbyggingsplanane er sagt at konsekvensane for naturmiljøet er lite kjende og må utgreiast ytterlegare, men først i samband med reguleringsplanarbeid. Dette er eit skummelt prinsipp, då ein då lett kartlegg kor verdifull biologien som går tapt er. Dette som følgje av at dei økonomiske konsekvensane av vern blir så mykje større etter at arealet er omdisponert til utbyggingsområde. På den måten blir ikkje vernebehov omgjort til vern av biologiske grunnar, men om det er mogleg for kommunen å legge pengar nok på bordet til å halde areal unna utbygging. Og det er det jo sjeldan.

Frå 1. juli 2009 kom det ein ny naturmangfoldlov med eit nytt krav: «Offentlige beslutninger som berører naturmangfoldet skal så langt det er rimelig bygge på vitenskapelig kunnskap om arters bestandssituasjon, naturtypers utbredelse og økologiske tilstand, samt effekten av påvirkninger. Kravet til kunnskapsgrunnlaget skal stå i et rimelig forhold til sakens karakter og risiko for skade på naturmangfoldet.» Naturvernforbundet meiner dette kravet må føre til fornya vurdering av ei rekke område i Kristiansund før kommuneplanen blir stadfesta.

Naturvernforbundet har også kommentert ei rekke av dei konkrete utbyggingsprosjekta, for det er det planen innehalder. Dette gjeld Skorpa, Sørholmen, Kvennbergmyran, Vestbase øst, Jørihaugen, Husøya, Fugløya, Bolgneset, Daumannsdalen, Flatøya, Storbakken, Storbakken øst samt Kvalvik/Storbukta – Havmyran/Rensvik – Sandtjønna/Våttåbukte.

Gjennomgåande etterlysar Naturvernforbundet også betre arealutnytting i Kristiansund. Den tradisjonelle småbytilnærminga er at natur «kostar ingenting» og difor løyser kommunen sitt ekspansjonsbehov ved nærast konsekvent å ta i bruk naturområde for å vekse på. Det er tid for at ein i langt større grad reviderer areal som alt er disponert, men blir lite bruka. Viss det er så viktig at alt skal bli til stål og betong får ein gå høgare opp i høgda og dessutan fortette meir. Areal som alt er i bruk til utbyggingsføremål, men i lite intensiv grad bør få reviderte planar og betre utnytting.

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har fleire kommentarar. Han kan kontaktast på telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegna frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til arealdelen