Naturvernforbundet sterkt usamd med verneområdestyret for helikopterlandingar
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er framleis usamd i at Verneområdestyret for Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark har gitt landingsløyve for Fuglefjellet AS til å lande på Dalenebba i Sunndal kommune.
I eit brev til verneområdestyret for Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark peikar Naturvernforbundet på at det ikkje er kapasitet til å arbeide meir med saka no, men at vi framleis er usamde.