Naturvernforbundet stiller flere spørsmål om Miljøservice på Eide

Naturvernforbundet har registrert at det har skjedd større endringar på det nye området Miljøservice AS skal ta i bruk. Det som for kort tid sidan var eit stort hol er no fylt igjen, uvisst av kva. Naturvernforbundet spør i ein epost Møre og Romsdal fylke om dei har oversikt over kva verksemda driv med.

Naturvernforbundet har tatt ei rekke bilder søndag 10. februar 2008. I hovudsak er det store mengde flis på desse bileta, men vi ser også oppstilt ein del containarar med innhald, ein containar med det vi vil tru er takplater som gjerne kan undersøkjast nærare og ein del avfall som ligg spreidd på bakken og lett kan blande seg med underlaget.    Området der det for ca. ei veke sidan var hol (bilete teke tidlegare med grop innringa med raudt) har no flis på eit høgare nivå enn det botnen av gropa skulle tilseie er flyavfall frå oppmalingsprosessen. Vi skal ikkje påstå noko om kva som er under toppen av flislaget, men viss det ikkje er jord som først er gravd ut og så lagt tilbake, så kan det jo t.d. være svært mange kubikkmeter flis av rivingsavfall.   Løyvet Miljøservice AS har tilseier at det ikkje skal vere avfall i det heile på dette området før sorteringshall og asfaltflater er på plass.   Dette liknar på å bli det same problemet som vi har sett knytt til den eldre delen av Miljøservice AS si verksemd. Viss fylket skal ha truverde i oppfølginga av dette løyvet, må det gjerast heilt vesentlege ting no, før det har utvikla seg lenger og blir uråd å få gjort noko med. Vi kan i grunnen ikkje godta anna enn at det seinast i morgon blir sett bom stopp for avfallshandsaminga på det nye området. Utan reaksjon ber vi politiet om å gå laus på saka for alvor. Dei har etter tips frå oss vore der ein gong tidlegare, og får kopi av denne e-posten (ref. Solesnes, Gjemnes og Eide).   Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.

Miljøservice klager på tvangsmulkt i januar 2009

Det nye området til Miljøservice AS søndag 10.2.2008. Foto: Naturvernforbundet

Oppgravd hull i desember 2007 – det nye området til Miljøservice AS på Eide Foto: Naturvernforbundet

Område som nå er planert er markert med rød strek – Miljøservice AS Fotomontasje: Naturvernforbundet

Miljøservice AS 1. desember 2007 Foto: Naturvernforbundet