Naturvernforbundet strevar med å få fornuftige svar om miljøkonsekvensar av mudring i Årsundet

På grunnlag av eit tips tok Naturvernforbundet i Tingvoll opp ei sak i sommar der mudringsarbeid og tipping av muddermasse er sentralt. Saka gjeld i utgangspunktet på gnr 125 bnr 18 i Tingvoll, eigar Johan Høvik. Det er sakshandsaminga hos Kristiansund og Nordmøre Havn IKS som er sentral i saka.

Mudring er tiltak som krev løyve etter fleire regelverk, fremst er havne- og farvannslova og forureiningslova. I denne saka har svara frå Kristiansund og Nordmøre Havn IKS vore så uklare på kva som har skjedd i denne saken, at Naturvernforbundet har bede om fleire opplysningar. Dette har det vore vanskeleg å få; Kystverket har brukt ein månad på å fastslå at Fylkesmannen er rette instans for ein klage på manglande opplysningar.

Naturvernforbundet har difor 13. desember 2008 sendt følgjande epost til Fylkesmannen i Møre og Romsdal:

Kystverket seier i vedlagd brev at Fylkesmannen er rette vedkomande for klage når det gjeld miljøinformasjonslova på vedtak som er gjort av Hamnevesenet. Vi er ikkje sikker på om vi forstår kvifor, men viss Fylkesmannen er samd med Kystverket i dette, så ber vi om å få svar hos dykk på brevet (vedlagt) som opprinneleg blei sendt til Kystverket. Kjem de til ei anna vurdering av det spørsmålet må vi be om å få litt hjelp til å finne ut av dette.

Kystverket har brukt over ein månad på å finne ut at dei ikkje var rette vedkomande, så vi håper det går fortare no.

Deler av saka verserer som klagesak etter plan- og bygningslova i Tingvoll kommune.

Med helsing

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden

leiar

Svar frå Kystverket 11. desember 2008 – viser til Fylkesmannen

Klage på manglande miljøinformasjon – til Kristiansund og Nordmøre Havn IKS 7. november 2008

Naturvernforbundet får medhald av Fylkesmannen