Naturvernforbundet uroa over massetak i Molde

Naturvernforbundet har bedt Bergvesenet om å følgje opp minst tre massetak i Molde kommune, og krev at nye massetak ikkje må få løyve til å starte opp før det er lagt fram detaljerte planar som viser utviklinga av dei, og korleis dei skal avsluttast.

Lokallaget er uroa over den utviklinga som skjer omkring ei rekkje massetak i kommunen. Desverre ser det ut til at tidlegare små massetak vert større og større, utan at det ligg føre godkjende planar. Massetaka ligg som opne skjemmande sår i landskapet og er til fare for både menneske og dyr.

Naturvernforbundet har tidlegare i haust etterspurt dokumentasjon frå Molde kommune vedkomande eit massetak på Skaret. Dette massetaket er eit stort landskapsmessig inngrep, som ligg heilt inn til det statleg sikra friområdet på Skaret. Naturvernforbundet etterlyser no svar frå Molde kommune på dette brevet.

Leiar i Naturvernforbundet i Molde er Astrid Buset. Ho har telefon 48 27 67 98. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid

Les brevet frå Naturvernforbundet i Molde til Bergvesenet

Purring på Molde kommune