Naturvernforbundet utfordrar kommune- og fylkespartia foran valet neste år

Naturvernforbundet arbeider for å få til auka merksemd om viktige natur- og miljøspørsmål i Møre og Romsdal i samband med kommune- og fylkestingsvalet hausten 2007. Difor utfordrar Naturvernforbundet kommune- og fylkespartia til å innarbeide miljøomsyn i valprogramma sine.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal gjennomførte ei undersøking i forkant av Stortingsvalet 2005. No startar programarbeidet fram mot kommune- og fylkestingsvalet i 2007. Naturvernforbundet ser det som viktig å vere på banen med gode innspill om natur og miljø no.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal vil difor forsøke å utarbeide eit utfordringsdokument med dei viktigaste natur- og miljøutfordringene og forslag til konkrete tiltak for fylket og kommunane.

Naturvernforbundet ønskjer også å få møte med programnemnder, fylkesstyre o.l. i dei politiske partia for å få i gang diskusjonar om natur og miljø.

Naturvernforbundet ønskjer at partia tek kontakt om dei har ønskje om møter eller skriftlege innspel. Naturvernforbundet har også gått ut med konkrete oppmodingar om møte til fylkespartia.

Foredrag og anna materiell vil bli tilgjengeleg på denne sida etterkvart.

Interesserte kan kontakte fylkesleiar Øystein Folden på telefon 91 81 25 42 eller på epost moreromsdal(a)naturvern.no.

Foredrag for Molde KrF 23. oktober 2006