Naturvernforbundet vil ha boikott av gasskraftutbyggarar

– Dette er mangel på samfunnsansvar frå kraftselskapa si side, seier Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, i ein kommentar til at Tafjord Kraft og Istad Kraft vurderer å byggje gasskraftverk i Romsdal.

– Eit gasskraftverk i Romsdal vil auke både dei norske og globale klimagassutsleppa. Det er dessutan heilt unødvendig; det vil ikkje bli nokon forsyningskrise i Romsdal, seier Folden, som oppmodar kundane til å finne andre kraftleverandørar dersom Tafjord og Istad går vidare med planane om gasskraftverk.

Fakta er at Noreg i gjennomsnitt eksporterer meir kraft enn vi kjøper frå utlandet. Uansett om vi reknar snittet for dei siste 5 åra, dei siste 10 åra eller dei siste 15 åra, viser tala det same: Noreg eksporterer meir kraft enn vi kjøper frå utlandet.

Den viktigaste grunnen til at vi ikkje skal byggje gasskraftverk i Noreg er likevel at gasskraftverka slepp ut store mengder klimagassar. Når vi veit at dei menneskeskapte klimaendringane kan truge livsgrunnlaget til millionar av menneske, må vi alle sjå at det å redusere klimagassutsleppa er eit av dei viktigaste politiske måla i verda.

Enkelte har påstått at det vil spare atmosfæren for ein million tonn av klimagassen CO2 i året å byggje gasskraftverk i Møre og Romsdal. Matematikkfaget må styrkast! Norsk gasskraft kjem ikkje i staden for kolkraftverk andre stadar i Europa. I Statoil si konsekvensutgreiing for gasskraftverk på Tjeldbergodden viser selskapet sjølv at eit kraftverk vil gi høgare utslepp enn det import av tilsvarande mengder kraft vil gi.

Kraft som blir bygd ut i Noreg blir ført inn på ein europeisk kraftmarknad der det er ei utveksling med kraft frå andre land. Krafta som Noreg importerer har ulike kjelder. Vinteren 2002 – 2003 hadde til dømes alle europeiske land som vi utvekslar kraft med stort sett balanse i sin import og eksport. Det tyder at dei ikkje produserte meir enn det dei sjølve brukte gjennom året og at kolkraftproduksjonen dermed ikkje var høgare enn den elles ville ha vore. Dei einaste landa som hadde netto eksport var Austerrike og Sveits, og dei eksporterte vannkraft!

Dersom vi skal nytte fossilgass i framtida, må det vere med CO2-handtering. Bruken av CO2 i produksjonen til Hustadmarmor kan ikkje reknast som CO2-handtering, klimagassane vil lekke ut etter kort tid. Teknologi for ordentleg CO2-handtering finst, det er ingen grunn til å vente med å ta han i bruk.

– Istad og Tafjord har lenge vore bremseklossar når det gjeld satsing på energisparing, bioenergi og andre fornybare energikjelder i Møre og Romsdal. Det einaste desse selskapa satsar på er fossilgass utan tilfredsstillande CO2-handtering. Som straumkundar må vi finne selskap som har framtida foran seg, ikkje bak seg, seier Folden.

Den svenske Naturskyddsföreningen har utarbeidd eit system for miljømerking av el, Bra miljöval. I Møre og Romsdal er det Rauma energi som er med på denne ordninga. – Dette kan vere eit alternativ for alle som er oppteke av miljøomsyn, meiner Folden.

Øystein Folden kan kontaktast på telefon 91 81 25 42.

Spørsmål til Istad Nett 23. august 2005