Naturvernforbundet vil ha færre helikopter i fjellet

Vil vi at helikopter skal flyge i alle fjell store delar av vinteren? Det er i alle fall mange som ikkje likar det. Men er det nokon fare for det?

Naturvernforbundet har dei siste par vekene sett noko heilt nytt på området. Det som var ei sak i Stranda sist år, trudde vi, viste seg å vere eit lite snøras av saker i mange kommunar, og dette er følgd opp i år. Til no har vi funne 16 søknader, dei fleste gjeld ekstremsport, fordelt på: Nesset 3, Rauma 4, Vestnes 1, Stordal 2, Ørskog 1, Norddal 1, Sykkylven 1 og Ørsta 3.

Sunndal kommune er eit heiderleg unnatak som seier nei til desse søknadene, men elles har kommunane gjeve løyve. Rett nok har eit par kommunar avgrensa løyvet litt, men Nesset kommune har også gjeve løyve innafor landskapsvernområde. Eit selskap har fått løyve til å fly helikopter frå midten av februar til slutten av april i svært mykje av fjellheimen over 600 meter i Møre og Romsdal.

Kvifor seier kommunane ja til å gje dispensasjon? Det går igjen at kommunane har fått tilsendt filmateriale frå tidlegare år til kommunen sin frie bruk, med opplisting av alle dei tv-kanalane filmane er vist på. Søkjar påstår at dette er ei enorm marknadsføring for kommunen. Fleire av kommunane stiller spørsmål om kva marknadsføringa har ført til, men gjev løyve på nytt utan dei store motførestillingane. Våre fjell kan no berre nyttast til tur i garantert fred og ro når det ikkje er ver for flyging. Truleg har nokre av dei som før drog til fjells latt det vere eller gått over til å bruke nasjonalparkane. Auka tilstrøyming kjem i form av fleire som kjem med helikopter. Denne utviklinga vil i alle fall ikkje Naturvernforbundet vere med på.

I søknadene går det fram at filmselskapa er imponert over det unike naturmiljøet i området. Samtidig søkjar dei om å få bruke ”høgalpine og utilgjengelege fjellområde” til filminga. Dei seier ikkje kvifor, men ein titt på heimesidene til slike selskap fortel at den største opplevinga av alt går ut på å setje ned ei fjellside der det ikkje er skispor frå før. Denne utfaldinga kan ikkje gjerast i alpinanlegg, men stadig nye område må oppsøkjast. Her nyttast terrenget til eingongsopplevingar. Her er det store gutar som gjerne vil stå på ski eller brett, og har funne ein snedig måte å lure eine kommunen etter den andre til å gje dei løyve.

Naturvernforbundet har no klaga på mange av desse vedtaka. I Noreg har vi generelt eit regelverk for motorferdsel bygd på at det i utmark skal vere minst mogleg støy, og at det som får løyve skal vere nødvendig. Det er det viktig å halde på. Moderne menneske får stadig meir bruk for område der naturleg lyd får rå aleine. Stadig fleire område blir utbygd, og stader med berre naturleg lyd blir sjeldnare og sjeldnare.

I tillegg har ei verksemd som DnB NOR lagt i veg med ein reklameproduksjon som går ut på det same. Banken skal verken selje Kalskråtind, rein luft eller område med berre naturleg lyd, men likefullt vil dei filme reklame for verksemda si på toppar i fleire kommunar, også innanfor landskapsvernområde og nasjonalpark. Ei verksemd som i årsmeldinga si skryt av sine miljømål og samtidig legg i veg på denne måten fortener eit heilt trillebårlass med kaktusar. Når ein kommune seier ja til slike prosjekt, då kan vel alle i framtida få løyve til å lage reklame for sjampo og bleier eller kva det skal vere på same måten. Dette høyrer ingen stad heime.

Mellom søknadene finst og 2-3 idrettsarrangement. I motsetnad til mykje av det andre er det tale om ein topp og eit par dagar, og dette er litt enklare å innrette seg etter for andre brukarar av fjellheimen. Desse klagar vi ikkje på i år, men om dette utviklar seg, så vil også desse bli klaga på. Det vil dessutan vere eit bra signal om slike idrettsarrangement finn stad utanfor verneområde og helst på stader der det er ein del verksemd frå før.

NOTAT 23. MARS 2007 – MOTORFERDSEL I UTMARK – HELIKOPTER

Det er tale om 3 typer saker:

A. Filming av ekstremsport

Søkjar ønskjer å kunne flyge inn filmteam (og moglegvis utøvarar) til høgalpine og utilgjengelege område for å lage film frå ekstremsport. Her er fleire aktørar, men Fri Flyt as har søknader i mange kommunar, og det viser seg at dei fekk mange løyver også for eit år sidan.

Vi har registrert vedtak om slik flyging i følgjande kommunar: Ørsta, Sykkylven, Stranda, Norddal, Stordal, Ørskog, Vestnes, Rauma og Nesset.

Konsekvensen av desse løyva er at det knapt finst fjell over 600 m utanom verneområde i Møre og Romsdal der dei ikkje har løyve til å flyge nærast når som helst i perioden midten av februar til slutten av april med unnatak av påska.

Viss ein vanleg skiturist vil gå seg ein tur for å kome seg bort frå støyen vi har i bygda, må han anten gå på tur når det ikkje er ver til flyging, eller dra til Dovrefjell/Jotunheimen nasjonalparkar. Denne utviklinga kan ikkje Naturvernforbundet stå å sjå på.

Fri Flyt AS har sendt kommunane filmsnuttar som døme på reklameverdi, og viser i søknaden til den marknadsføringa kommunen får gjennom tiltaket. Naturvernforbundet har stilt spørsmål om ein kommune som legg vekt på denne marknadsverdien er rette instans til å handsame ein slik søknad.

Møre og Romsdal fylke har slått saman fylkeskommunen og fylkesmannen. I ei av desse sakene har reiselivsseksjonen gjeve støtte til filmprosjektet. Miljøavdelinga har ikkje høyrt noko om prosjektet og har vel praksis for å avslå denne typen søknader. Sjå: http://www.mrfylke.no/fmt_hoved.asp?tgid=22662&gid=22664&amid=1367170

B. Reklamefilm

Her er det tale om ei konkret sak der det skal lagast reklame for DnB NOR. Det er søkt om landingsløyve i Rauma, Nesset og Sunndal.

Rauma har gitt dispensasjon, men ikkje for Karlskråtind som ligg i Dalsida landskapsvernområde.

Nesset handsamar slike saker i Driftsstyre II som ikkje har møte på ei stund. Har ikkje sett søknaden, men det er truleg det er tale om topp(ar) i Eikesdalsvatnet landskapsvernområde. Som følgje av at saka ikkje blir avgjort på ei stund er denne kommunen truleg uaktuell i prosjektet. I Sunndal er det søkt om landing på ein topp i nasjonalparken, og kommunen har gitt søkjar melding om at det ikkje kan bli løyve med noverande lokalitet eller noko i den retninga og bedt søkjar kome tilbake med revidert søknad viss det skal vere aktuelt med handsaming.

Naturvernforbundet har sendt brev til DnB NOR om at denne typen reklame er alt anna enn miljøbasert, ei skikkeleg skrape i lakken for ei verksemd som presenterer seg som opptatt av miljøverdiar i årsmeldinga si, og at dei difor bør trekke søknaden.

Dag Arne Kristensen (DnB tlf 90140706) har pr. telefon etter vår oppringing vist til at når Rauma kommune har gjeve løyve, så er dette akseptabelt miljømessig. Kommunen sitt vedtak er difor påklaga.

C. Arrangement

Skibestigningsløp og turrenn som søker anten for filming eller for beredskap. Gjeld eit mindre område og for 1-2 dagar.

2 saker i Ørsta og 1 sak (med berre snøscooter) i landskapsvernområde i Nesset.

Naturvernforbundet klagar ikkje på desse, men meiner det er ein fordel om slike arrangement lokaliserast ut frå kvar trafikken er minst til sjenanse. Vi vil følgje sakstypen slik at omfanget ikkje blir stort.

Om den kommunale sakshandsaminga:

Fleire av søknadene er så tett oppunder planlagd flyging at vanleg klagefrist ikkje går ut.

Ein god del av klagene kan bli handsama lenge etter at flyginga er gjennomført.

Det er berre Ørsta kommune som sender vedtaka til Naturvernforbundet. Etter klagerunden vil vel dette endre seg, sidan klagefristen er 3 månader når vedtaket ikkje er sendt ut, og 3 veker ordinært.

Sakshandsaminga i kommunane har stor variasjon.

I Nesset kommune innstiller rådmann på avslag, men politisk organ seier ja.

Ørsta kommune seier delvis ja til søknaden, der dei i nokre område ikkje gjev løyve, og set tidsavgrensing i andre område.

Norddal kommune seier at søkjar må vere varsam med å flyge over reinsflokkar når kalvingstida nærmar seg, og er elles nærast full av lovord over tiltaket.

Sunndal kommune er unnataket i desse sakene. Dei har sagt nei, og det er ikkje gjeve løyve der.

Helikoptersøknader i utmark pr 21.3.07

Notat laga av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Kommune

Søknad

Vedtak

klage

res. klage

merknad

Sunndal

Motion Blur AS

Fått beskjed om sannsynleg avslag viss dei søkjer

Nesset

(Tom Erik Heimen)

x

x

landskapsvernområde

motorferdselsløyve manglar

(The Arctic Challence)

x

x

x

x

landskapsvernområde

Motorferdselsdisp

(Nrk?)

(Idrettslag)

Snøscooter til Skjorta

Rauma

(Motion Blur AS)

x

x

ikkje omgjort

The Arctic Challence

25.1.07

Gjeld løyve for flyging 5.-9.3.

The Arctic Challence

20.3.07

x

ikkje omgjort

Gjeld løyve for flyging 21.-23.3.

(Nike)

x

(Fri Flyt)

x

x

ikkje omgjort

Vestnes

Fri Flyt

x

x

Ørskog

Fri Flyt

x

x

Stordal

(Fri Flyt)

x

x

ikkje oppsettande verknad

The Arctic Challenge

x

oppdaga denne for seint

Norddal

Fri Flyt

x

x

Stranda

Fri Flyt 2007

x

x

Sykkylven

Fri Flyt

x

x

Ørsta

(Fri Flyt)

x

x

(Aalesund skiklubb)

x

Standalrennet 2007

(X2)

x

Parentes i søknadsrubrikk tyder at vi ikkje har søknadsdokumentet.

Vedtak som ikkje blir klaga på gjeld stort sett tiltak som var gjennomført før vi fekk kjennskap til det.

Skibestigingsarrangement/skirenn blir ikkje klaga på i år.

Helikoptersøknader i utmark i 2006 og før, pr 21.3.07

Notat laga av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Kommune

Søknad

Vedtak

klage

res. klage

merknad

Nesset

(Tom Erik Heimen)

26.5.04

Basehopping, i landskapsvernområdet

Nesset

(Fri Flyt)

6.4.2004

Katthammeren og Vikesaksa

Nesset

(Nrk)

5.10.2006

Eikesdalsvatnet landskapsvernområde

Rauma

(Fri Flyt)

2006

går fram av vedtak 2007

Ørskog

(Fri Flyt)

2006

går fram av vedtak 2007

Stordal

(Fri Flyt 2006)

(x)

oppdaga denne 20.3.07

Norddal

Fri Flyt

2006

Går fram av sakshandsaminga 2007

Stranda

Fri Flyt 2006

oppdaga denne seint

Sykkylven

Fri Flyt

seier i søkn 2007 at dei var der 2006

Ørsta

(Fri Flyt)

25.1.2006

Går fram av sakshandsaminga 2007

Ørsta

(Nrk)

x

Molladalen, sept 2006

Ørsta

(NROF)

x

Arr. Comandoraid Kvistaddalen 26.8.06

Svar frå Volda kommune

klage – søknad Fri Flyt – motorferdselslova – Stordal

Svar frå Stordal kommune

Svar frå Sykkylven kommune

Saksframlegg Stordal – side 1

Saksframlegg Stordal – side 2

Klage på heli-skiingsløyve i Ørsta

Søknad frå X2 i Ørsta

Revidert søknad frå X2

Vedtak i Norddal – side 1

Vedtak i Norddal – side 2

Vedtak i Norddal – side 3

Behandling av klagen i Ørsta kommune – side 1

Behandling av klagen i Ørsta kommune – side 2

Behandling av klagen i Ørsta kommune – side 3

Behandling av klagen i Vestnes kommune – side 1

Behandling av klagen i Vestnes kommune – side 2

Behandling av klagen i Vestnes kommune – side 3

Behandling av klagen i Stranda kommune

Kommentar til kommentar frå Fri flyt til Naturvernforbundet sine klager

Kommentar frå Fri Flyt til klagene frå Naturvernforbundet

Varsel frå Fri Flyt

Ørsta kommune: Delegert vedtak – X2

Søknad frå Fri Flyt til Ørskog kommune

Helikoptersøknad frå Fri Flyt til Stranda kommune 5. januar 2007

Søknad frå Fri Flyt til Stranda kommune 5. desember 2005

Søknad frå Fri Flyt til Sykkylven kommune 5. januar 2007