Naturvernforbundet vil ha meir paddetunnel i Austefjorden

Paddebestanden ved Litlevatnet i Austefjorden i Volda er den største som er dokumentert i både nasjonal, skandinavisk og europeisk samanheng. Den planlagde Kvivsvegen vil kunne gi problem for paddene.

Reguleringsplanen for Kvivsvegen er no ute på høyring med frist 1. september 2006. Det er i uttalen til denne planen at Naturvernforbundet i Volda og Ørsta tek til orde for å forlenge tunnelen forbi Litlevatnet, eventuelt leggje han på bru (viadukt). Naturvernforbundet meiner ei anna løysing ikkje vil vere forsvarleg for å sikre trekkvegen for paddene.

Dersom lenger tunnel eller viadukt ikkje blir gjennomført, krev Naturvernforbundet to paddeundergangar til på vegen. Naturvernforbundet meiner forslaget om forlenging av tunnel vil ha fleire positive effektar, både når det gjeld å gi redusert kollisjonsfare for hjort og å gi mindre skadar på det viktige våtdraget ved Litlevatnet.

Padder høyrer til amfibiane. Amfibiane er truga over heile verda, og Noreg har eit ansvar for å ta vare på gode forekomstar av slike dyr der dei finst. Naturvernforbundet er nøgd med at både Volda kommune og Statens vegvesen har teke utfordringa med paddene i Austefjorden på alvor hittil, og har tru på at det vil vere mogleg å finne betre løysingar framover.

Gunnar Wangen i Naturvernforbundet i Volda og Ørsta har telefon 90 64 66 45. Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les uttalen frå Naturvernforbundet i Volda og Ørsta