Naturvernforbundet vil ha nye rutetabellar på Nordmøre

Naturvernforbundet ber i ein uttale om at busstilbodet i Tingvoll blir betra.

Med dei framtidsutsiktene som FN sitt klimapanel viser oss, er det ein ting Naturvernforbundet er sikker på: Vi må legge om reisemønsteret vårt. Vi må reise mindre og vi må reise klokare. I ei tid då trafikkmønsteret ser ut til å måtte bli eit heilt anna allereie om 10 år, må fokus vere å finne gode kollektivløysingar. Utbygging av vegkapasitet og parkeringsplassar for auka privatbiltrafikk vil vere å gå i feil retning, og truleg bortkasta pengar.

Samfunnet bør i denne omleggingsfasen ha god råd til å stimulere kollektivtrafikken, både gjennom eit betre tilbod rutemessig, og med økonomiske stimulansar. Det siste gjennom rimelegare kollektivreiser, og ikkje minst gjennom ordningar som gjer det dyrare å bruke privatbil, særleg der det finst gode alternative kollektivløysingar.

Ein del bussruter med lågt passasjertal bør inngå i eit grønt rutesystem, dvs. at ingen betalar meir enn honnørbillett. På utvalde ruter er det truleg nesten berre rabattbillettar i dag, så det vil ikkje vere tap i form av reduserte billettinntekter knytt til dette. Derimot vil ein del som i dag bruker bil finne det økonomisk interessant å ta bussen. Ei gradering i prisnivå mellom ”rushtid” og andre tider vil vere ein stimulans til å spreie trafikken meir utover dagen, og det vil vere heldig for kapasiteten i noverande trafikkanlegg.

I dag er det for arbeidsfolk med arbeidstid mellom 08.00-16.00 i beste fall mogleg å ta buss eine vegen, men ikkje den andre. Det gjeld både Kristiansund og Sunndalsøra. Då blir det bilkøyring i alle fall. Sjølv om buss vil ta noko lengre tid, vil ei rimeleg bussløysing likevel vere interessant for ein god del, då køyring nærare ein time kvar veg også er slitsamt i lengda.

I alle fall ein del av dei som kvir seg mest på privatbilkøyring vil vere glade for å få eit alternativt tilbod. Mellom desse vil det nok også vere ein del bilistar som representerer ein auka risiko for uhell på vanskeleg føre, og såleis kan ein moglegvis oppnå ein ulukkesreduksjon som er større enn nedgangen i trafikkmengda ved auka kollektivtrafikk.

Naturvernforbundet har i dette høvet berre sett på bussruter på aksa Sunndal-Kristiansund. Særleg i Straumsnes bør det vere aktuelt å vurdere litt meir sidestruktur til dette. Elles må ein nok finne seg i at ein del andre grender må klare seg utan buss. Men det krev at det blir lagt til rette i ein del knutepunkt for å få gjort av nokre bilar. I krysset på Reset er dette aktuelt, likeeins på Meisingset, og det er gjerne fleire stader også. Plassane bør merkast slik at det er lett å skjøne kva dei skal nyttast til.

Naturvernforbundet har heller ikkje sagt noko om laurdag og søndag. Dette er dagar med lågare trafikkgrunnlag, så situasjonen er såleis ein annan.

Så lenge tilbodet ikkje er betre, er det trong for å gjere noko på Krifast også. Der er det kapasitet til kring 8 bilar på oppmerka vis, og det er sjeldan mindre enn 16 bilar som står parkert. Dette handlar om busstilbodet frå Tingvoll i retning Molde. Naturvernforbundet har tatt opp dette med samferdselsstyresmaktene ved eit par høve utan å få meir enn eit slags munnleg svar: Viss dette er eit problem så får ein berre taue bort dei bilane som står i vegen for bussen. Ei slik haldning frå samferdselsstyresmaktene håpar vi Tingvoll kommune kan hjelpe oss å gjere noko med.

Tingvoll kommune som arbeidsplass kan med fordel sjå på behovet til sine tilsette.

Parkeringsplassen ved Tingvoll kommunehus blir fylt opp såpass at ein skulle tru det var eit kundepotensiale bere mellom desse. Som Miljøfyrtårnverksemd ligg det og ei føring i mindre parkeringsplass og stimulans til kollektivbruk.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Tingvoll. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Les forslaget med nye rutetabellar