Naturvernforbundet vil ha strategiplan for skog som reddar naturen, ikkje raserer han

Naturvernforbundet meiner forslaget til strategiplan for skogbruket i Møre og Romsdal har fire store manglar som må rettast før planen er brukbar.

1) Nok skog må vernast!

Noreg har vedtatt at tap av biologisk mangfald skal stoppast innan 2010. Mange artar er knytt til skog, og mange av dei truga artane finst der. I tillegg veit ein at potensialet for å finne artar som til no ikkje er registrert er stort i skog. På landsplan er det rekna som eit nødvendig minimum å verne minst 4,6 prosent av skogsområda for å sikre særleg utsette planter og dyr. Berre Omlag 1,5 prosent av skogområda i Møre og Romsdal er verna. Sidan 2002 då ein fekk ordninga med friviljug vern er det verna mindre enn ein halv kvadratkilometer med skog i fylket. Med det tempoet vil ein nå målsettinga for vern om ca. 10 000 år.

Naturvernforbundet meiner det er totalt uforsvarleg å legge opp til ein storstila skogsvegbygging, hogst og nyplanting med lite miljømessig vurdering før det verna skogarealet er tredobla og viktige skogsområde i Møre og Romsdal er verna, ikkje berre areal som skogeigarane finn uinteressant for skogsdrift.

Naturvernforbundet har dei siste åra fremja fleire konkrete forslag til område som bør vernast. Skogeigarorganisasjonane sjølve har ikkje sett det bryet verd å svare på desse utfordringane. Like naturleg som det er sett mål for hogst bør det setjast mål for vern av skog. Det må vere eit mål i ein strategi for skogbruk at 4,6% av skogen i Møre og Romsdal er verna i 2012. Det må også vere mål om kva kvalitetar som blir verna. – Vi vil oppmode fylket til å som eit minimum foreslå vern av desse områda som ein del av strategiplanen, seier Øystein Folden:

a) Olivinfuruskogforekomstane som er att i Vanylven, Volda, Ørsta, Sykkylven, Stranda og Norddal

b) Austsida av Eikesdalen i Nesset

c) Gråura i Sunndal og Oppdal

d) Flå – Havdalen på nordsida av Sunndalsfjorden

e) Kalkskogområda i Norddal, Stranda og Stordal (frå Fjørå til Stordalsholmen)

f) Durmålshaugen – Mulvikknuken i Sunndal og Tingvoll

g) Rottåsberga i Tingvoll

2) Grana skal vekk!

Grana er naturleg heimehøyrande berre i nordaustre del av Rindal i vårt fylke, grana er ein potensiell fare for det biologiske mangfaldet i resten av fylket. Jo fleire generasjonar med gran som blir planta i eit område, jo større trugsmål mot plantar og dyr i Møre og Romsdal. Jo større område som blir planta med gran, jo meir raserer vi mangfaldet i fylket. Det at forrige generasjon gjorde ein feil kan ikkje vere grunn for oss til å ta opp same feilen. Skal skogbruket i Møre og Romsdal tilpasse seg miljøutfordringane i 2008, må dei nytte treslag og genressursar som høyrer til i Møre og Romsdal. Stortinget har vedtatt at tap av biologisk mangfald skal stoppast innan 2010, det blir merkeleg om Møre og Romsdal fylke fattar vedtak om å rasere mangfaldet raskare.

3) Skogsvegbygging er trugsmål mot naturmangfaldet!

Saman med granplantinga er det oppdelinga av samanhengande naturområde gjennom utbygging av skogsvegar, kraftlinjer, vasskraftanlegg og hyttefelt som er den viktigaste grunnen til tap av biologisk mangfald i Noreg. Dei få områda vi har att som ligg meir enn ein kilometer frå næraste tekniske inngrep (INON-områda) minkar år for år. Eit av dei viktigaste tiltaka vi kan gjøre for å stoppe tapet av biologisk mangfald er å stoppe tapet av INON-område. Ein stor del av dei områda som er igjen av slik kvalitet under skoggrensa vil om planen blir sett i verk forsvinne. Regelverket for skogsvegbygging er dessutan slik at få får innsyn, og praksis innsnevrar dette ytterlegare. Framlegget til strategiplan har ikkje drøfta dette, dette gjør planen lite eigna som eit verktøy for naturforvaltning.

4) Strategiplanen grønvaskar skogbruket i klimasaka!

Skogen har utan tvil verknad på klimaet på ulike vis. Skog kan binde store mengde CO2. Vidare vil skog ha verknad for solinnstråling. Skog brukt til energi i staden for olje er døme på ein viktig verknad. Skog brukt som varig byggematerialar ein annan. Strategiplana legg i hovudsak til grunn at CO2 blir bunde i stokken. I norsk skog kan ein rekne med at nærare 90 % av bindinga av CO2 skjer i andre delar av treet enn stokken – i jordsmonn og i myr. Denne kunnskapen vil vere avgjerande for korleis ein ser på skogplanting, treslagsskifte, skjøtsel, hogstform og hogsttidspunkt. Naturvernforbundet vil peike på at det framleis manglar mykje kunnskap om skogen si rolle i karbonbalansen og som klimaregulator, både i Noreg og internasjonalt. Det er så mange ulike typar skog med ulik alder og i tillegg vil ulike skogbrukstiltak ha ulike klimaeffektar.

Det forslaget om strategiplan for skog seier om klimaverknad i dag manglar grunnleggjande vitskapeleg bakgrunn og fører til at konklusjonane er svake eller feilaktige. Det å nytte vitskapelege data som kan vere gunstige for skogbruket, for deretter å underslå andre data, kan karakteriserast på mange måtar. Ein snill karakteristikk vil vere å kalle det grønvasking.

Ny runde er nødvendig

– Den strategiplanen som no er foreslått, gir det inntrykket at skogbruket ønskjer å få politikarar til å gjere vedtak om strategiar i skogbruket utan at konsekvensar for miljø og samfunn blir utgreidd, seier Øystein Folden. – Slike vedtak styrkar ikkje tilliten til politikarane, men dei er også skadelege for skogbruket sjølv. Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 918 12 542. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegna frå Naturvernforbundet

Høyringsbrevet frå Møre og Romsdal fylke i juni 2008

Forslag til strategiplan for skogbruket i Møre og Romsdal 2008 – 2016

Politiske vedtak i saka

Skogbrukslova

Forskrift om berekraftig skogbruk

Forskrift om planlegging og godkjenning av veier for landbruksformål

Standard for bærekraftig norsk skogbruk

Opptak av CO2 i norsk skog – frå Natur & Miljø nr. 3 – 2008

Uttale frå Norges Naturvernforbund til Kystskogmeldinga frå Vestlandsrådet

Fråsegn frå Nordmøre og Romsdal friluftsråd