Naturvernforbundet vil ikkje byggje ned Bårdsnesosen i Tomrefjord

Bårdsnesosen er eit mykje brukt rekreasjons- og friluftsområde. Det er utarbeidd ein plan som har som formål å leggje til rette for bustadbygging, naustområde og småbåthamn. For at osen framleis skal vere eit attraktivt og lett tilgjengeleg område for allmenta, meiner Naturvernforbundet det ikkje bør oppførast privatiserande bygningar nærare enn 100 meter frå sjøen.

Me viser her til den nye PBL som gjeld frå 1. juli 2009, der PBL § 1-8 om forbod mot tiltak o.a. langs sjø og vassdrag, erstattar PBL § 17-2 om forbod mot bygging og frådeling i 100-metersbeltet langs sjøen. Den nye lova innskjerpar byggeforbodet i strandsona, slik at det no må takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser ved spørsmål om utbygging i 100-metersbeltet. Dette gjeld både i samband med utarbeiding av planar og ved avgjerder i dispensasjonssaker. I område med sterk konkurranse om strandsona, er det spesielt viktig å unngå bygging av omsyn til allmenne interesser.

Me viser òg til Miljøverndepartementet si oppmoding av 8. mars 2002 om skjerpa plan- og dispensasjonspraksis i strandsona. Det kjem mellom anna fram av Stortingsmelding nr. 21 (2004-2005) om Regjeringa sin miljøpolitikk og riket sin miljøtilstand at Regjeringa ynskjer ei offensiv og framtidsretta strandsoneforvaltning.

Dette set krav til kommunen om eit vedvarande fokus på strandsona og at det blir utøvd ein streng praksis ved behandling av plansaker og dispensasjonar.

Motiv for at 100-metersbeltet langs sjøen er gitt et spesielt vern gjennom PBL § 1-8:

· Allmenne frilufts- og rekreasjonsinteresse: Strandområda er viktige rekreasjonsområde, både frå sjø og land – me må prøve å unngå at desse områda blir privatisert.

· Livsmiljø for plantar og dyr: Strandsona er møtestaden mellom sjø og land – desse områda er viktig for det biologiske mangfaldet då dei utgjer livsmiljøet for mange plantar og dyr.

· Landskapet sine verdiar: Me ynskjer i størst mogleg grad å ta vare på det norske kystlandskapet som det er – utan estetisk uheldige inngrep.

Kontaktperson for denne saka er lokallagsleiar Bernt Gjelsten, telefon 97 18 60 58.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegn frå Naturvernforbundet i Vestnes til JOBing