Naturvernforbundet vil ikkje ha badeplattform i Tingvoll

I ei fråsegn til Tingvoll kommune ber Naturvernforbundet i Tingvoll om at ein søknad om etablering av ein badeplattform blir avslått.

Naturvernforbundet viser til at aktivitet i strandsona skjer i eit område som mange bruker og har interesse av. Strandsona er eit gode som det ikkje er nok av til at alle kan få kva dei vil. Difor er det viktig at så store deler som mogleg av strandsona ikkje blir privatisert.

Leiar i Naturvernforbundet i Tingvoll er Øystein Folden, han har telefon 918 12 542.

Les brevet til Tingvoll kommune