Naturvernforbundet vil ikkje ha kraftlina mellom Sogn og Ørskog – arrangerer strategimøte 14. juni
Statnett har sendt på høyring eit forslag til ny 420 kV kraftline mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre. Naturvernforbundet har allereie varsla at vi ikkje aksepterer grunnlaget for denne høyringa.
Kraftlina blir presentert i fleire trasér, alle med ei rekke uakseptable naturinngrep, og med ei uklår grunngjeving. Naturvernforbundet kjem til å arbeide vidare med ein uttale til planane. Onsdag 14. juni kl. 1900 blir det dessutan strategimøte på Skei i Jølster for å drøfte korleis vi skal få stoppa kraftlineplanane. Medlemmer i Naturvernforbundet og andre naturvernarar er velkomne til dette møtet. Dersom det er mogleg må vi prøve å samordne skyss.
For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kontaktast på telefon 91 81 25 42.
Fylkessekretær i Sogn og Fjordane, Astrid Kalstveit, er arrangør av strategimøtet på Skei. Ho har telefon 91 80 78 99.
Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen
Mørenytt 11. mai 2006 om kraftlina
Mørenytt 13. mars 2006 om kraftlina
Fråsegn frå grunneigarar i Nordre Bjørkedal 19. mai 2006
Svar til Nordre Bjørkedal frå Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Foredraget til Klaus Rasmussen
Oppslag i Møre-Nytt om Romedalsalternativet
Reiselivet i Ørsta og Volda om kraftlina