Naturvernforbundet vil ikkje ha landbasert oppdrett på Averøy

I ei fråsegn til Averøy kommune viser Naturvernforbundet til at det planlagde prosjektet har store negative miljøkonsekvensar.

Konklusjonen i fråsegna til Naturvernforbundet:

Inngrep på land i dette prosjektet er betydelege, og det same gjeld sjøen. Det er store mengde fosfor og nitrogen som går på sjøen i staden for å bli brukt i jordbruksproduksjon. Dei generelle problema knytt til fiskeoppdrett blir ikkje løyst med dette prosjektet. Det vil vere feil å gje dette anlegget konsesjon og utsleppsløyve.