Naturvernforbundet vil ikkje ha vindmøller på Flemsøya
Naturvernforbundet meiner planane om Haram vindkraftverk vil gi uakseptable store inngrep. – Vi vil rå frå å gi konsesjon til utbygging av vindmøller på Flemsøya. Ei vindkraftutbygging på Haramsøya bør reduserast i høve planane, seier leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden.
Les uttalen frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Haram vindkraftverk