Naturvernforbundet vil verne Aurstadfossen i Volda

I ein uttale til NVE går Naturvernforbundet i Møre og Romsdal mot den omstridte utbygginga av Aurstadelva i Møre og Romsdal. Det er levert søknad om ei utbygging som vil føre til tørrlegging av denne svært synlege fossen i Austefjorden i Volda. Søknaden innehalder også feilopplysningar om verneverdiane i vassdraget.

I konklusjonen skriv Naturvernforbundet mellom anna:

Det er få vassdrag att i dette området som framleis renn fritt. Dette vassdraget har betydelege estetiske kvalitetar. Vidare er det biotop for fossekall som ein kan rekne med vil vere truga på noko sikt. Ulempene med redusert vassføring er store. Det er viktig at dette vassdraget ikkje blir bygd ut. Verdiane ein kan rekne med finst ved eit fritt vassdrag er dessutan betydelege og truleg større enn det ein kan få ut av kraftproduksjon.

Leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden, kan kontaktast på telefon 91 81 25 42.

Konsesjonssøknaden

Kart

Kart

Leserinnlegg fra Småkraft i Avisa Møre

Leserinnlegg i Sunnmørsposten 16. august 2005

Les uttalen frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Oppslag i Møre om uttale frå Naturvernforbundet og intervju med Børge Brende

Underskriftkampanje mot utbygging

Fortidsminneforeninga med uttale

Uttale med liste over vassdrag i Austefjorden og status for desse

Planutvalet i Volda vil ikkje ha utbygging

Utbyggarane gir seg ikkje

Oppslag i Møre

Foto: Naturvernforbundet

Foto: Naturvernforbundet