Naturvernleiar ryddar oljesøl i Langesund

Oljesølet på Skagerak-kysten har ført til at frivillige naturvernarar frå heile landet stillar opp for å rydde oljesøl. Ein av dei første frivillige som var på plass var fylkesleiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden. Han tek i første omgang sikte på å bruke heile denne veka til å rydde strender for olje. Truleg blir han erstatta av andre naturvernarar frå vårt fylke allereie i neste veke. Oppryddinga kjem til å halde fram langt utover hausten.

Folden og fleire andre i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er deltakarar i WWF Norge sitt frivillige oljevern, «Ren Kyst». Det har vore gjennomført to kurs for frivillige i Møre og Romsdal, eit på Aukra i 2006 og eit på Sula i 2008. På desse kursa fekk naturvernarane skolering i kva olje er og korleis fjerninga kan skje på ein trygg måte.

Etter «Server»-ulukka i januar 2007 lakk det ut 320 tonn olje, og Ren Kyst-mannskapa rydda 230 tonn av dette. Oljevernaksjonen etter «Server» tok over 8 måneder. Det vil vere nødvendig med frivillige i lang tid framover på Skagerak-kysten. Frivillige frå Møre og Romsdal som ønskjer å melde seg kan sende epost til renkyst@wwf.no og oppgi nokre opplysningar:

1) Namn, adresse, tlf, mobil, epost

2) Har du vore på kurs tidlegare, i tilfelle når, eller treng du opplæring?

3) Når kan du komme og kor lenge kan du vere med?

4) Bur du i området eller treng du overnatting?

5) Har du eigen bil eller treng du transport?

Øystein Folden kan kontaktast på telefon 91 81 25 42, men på grunn av vernedrakt kan han truleg berre svare i pausane.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Presentasjon av oljevernberedskapen: Kystverket 15. desember 2009

Øystein Folden, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal