Naturverrnforbundet spør Tingvoll kommune om kommunedelplan

Epost til Tingvoll kommune 22. august 2008.

Vi ser at kommunen arbeidar med kommuneplan for idrett og friluftsliv. Når vi ser på kommunesida finn vi tiltak som vil ha verknad for friluftsinteresser og biologisk mangfald. Vi har og reigstrert i annan samanheng at det er snakk om kjøp av trakkemaskin for å lage skiløyper både eine og andre staden.

Tingvoll har framleis areal som er lite påverka av motorlyd, sjølv om det ikkje er så mykje. Slike område har stor verdi nettopp på grunn av denne eigenskapen, og det er viktig at slike område ikkje berre blir invadert av tiltak som fører med seg motorlyd. Her er det tale om både folk og dyr som har behov. Vi er ikkje mot preparert løype, men det må til ei skikkeleg sakshandsaming slik at andre verdiar knytt til dette ikkje blir oversett. Dvs. ein vedtatt løypeplan etter ei saksutgreiing og ein høyringsprosess.

Elles er det slik at det i seinare år er bygd ein heil del vegar av ulik kvalitet. Ofte er slike bygd der det tidlegare var sti. Vi har stor forståing for at folk gjerne vil ha med seg barnevogn og rullestol overalt, men vi meiner det også er ein verdi i seg sjølv at «lettilgjengelege» område framleis har sti og ikkje opparbeid veg. Det finst i alle fall folk med ryggplager som veit at det er ein skilnad som er viktig.

Naturvernforbundet har altså ikkje tiltak som kostar pengar og det er vel difor vi ikkje har fått noko brev, men vi har interesse som moglegvis vil vere noko i strid med andre som vil fremje sine saker i denne plana. Vi spør med dette om korleis de har tenkt å handsame dette.

Med helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll