Naustbygging i Molværshamna i Sula

Naturvernforbundet i Ålesund og omegn med kommentarar til planane om naustbygging i Molværshamna.

Naturvernforbundet er opptekne av at gjenverande strandområde ikkje vert belasta med ytterlegare nedbygging slik at tilkomsten til strandområde og sjø som rekreasjonsområde vert hindra. Likeeins er vi opptekne av at kulturminne som løfter verdien av områda vert tekne vare på og skjøtta.

Strandsona kring Borgundfjorden er allereie urimeleg belasta og vi støttar fult ut styresmaktene sin auka fokus på verdiane av ei urørt strandsone og den skjerpa praksis knytt til dispensasjonar.

Vi krev at der ikkje vert høve til å nytte stadfesta friområde som tilkomst til naustområdet og at eksisterande verneverdige tiltak (naust og vorar) ikkje vert skadde som følgje av omsøkte tiltak.

Geir Ole Sætremyr er styremedlem i Naturvernforbundet i Ålesund og omegn. Han har telefon 90 85 41 20.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet



Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Svar frå fylkesmannen til Sula kommune 24. oktober 2008

Situasjonsplan

Uttalelsen fra Naturvernforbundet

Bilder fra Molværshamna – med kommentarer fra en av grunneierne