Nei til Furnes Masseuttak – La Naturen gå i arv

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes

Naturvernforbundet i Vestnes ser at Sikho på vegne av Tomra maskin ber om ei avklaring frå Vestnes kommune angåande planane om masseuttak på Furneset. Me vil og ha eit svar frå politikarane. Det svaret bør seie tydeleg frå om at desse planane no er gravlagte for all framtid. I si tid bevilga kommunestyret 200.000 kroner til planarbeidet med tiltaket. Dette er etter vår meining særs kontroversielle pengar å dele ut for ein lokalpolitikar. Me har oppfatta ein lokalpolitikar si fremste rolle til å vere ein folkevald tenar for inbyggarane i kommunen. Det er berre få som nyt godt av eit masseuttak. Resten av oss som bor her taper noko fint som det ikkje kan settast ein pengeverdi på. Befolkninga sitt beste vart ikkje teke med i rekninga når desse midlane vart bevilga tiltakshavar. Eit lite mindretal sine næringsbehov vart fremma framfor det store fleirtalet sin hevdvunne bruksrett. Ein kommunepolitikar si rolle må sanneleg ha endra seg mykje på kort tid. Der lokalpolitikarar før dreiv vidgreina samfunnsarbeid, har det no vorte meir og meir trong til å leike butikk med det offentlege sine pengar. Ein kommune skal sjølsagt oppmuntre til næringsliv, men må ikkje gjere det i alle tilfelle. Kva med å satse på eit langtvirkande og grønt næringsliv? Det greier fleire kommunar i landet i aukande grad. Industri etableringar er ikkje det einaste ein treng å leve av i Vestnes.

Dykkar politiske praksis bør ligge i desse stikkorda: Folketrivsel og folkehelse. Dei nære friluftsområde til heimen heng nok tett saman med trivsel og helse. Landskapet som sin eigen historiske forteljar i samband med kultur og naturarva sin verdi er viktig for identitet. Det viktigaste er framtidige friluftsbrukarar sine bruksrettar. I haust har planutvalet godkjent eit nytt boligfelt på Furneset. Harmonerar det med planar om eit masseuttak helse og trivselmessig? Er dykk elles klar over at det kom ei ny lov om Biomangfald i juli 2009? Motstanden mot prosjektet er så stor i så vidt forskjellige leirar, att dykk ikkje får noko godt ættermæle politisk om dykk går inn for dette. Ei anna sak er att dette ikkje vert avgjort lokalt. Til det er saka for kompleks. Det er mykje betre å seie nei lokalt enn å få eit nei tredd ned over øyrene frå sentrale myndigheiter. For dette prosjektet kan stoppas og vil bli stoppa. Det er alltid ei offentleg ørn ein stad som svevar over dei lokale haukane i rang. Staten signaliserar noko når Mesta trakk seg ut av prosjektet.

Naturvernforbundet i Vestnes
Leiar, Bernt Gjelsten