Nei til naturødeleggende motorvei mellom Ålesund og Molde

Statens vegvesen planlegger motorveg mellom Ålesund og Molde. Sommaren 2021 har planane for strekninga mellom Digernesskiftet og Ørskogfjellet vore ute på høyring. Naturvernforbundet i Ålesund og omegn meiner forslaget frå Statens vegvesen er eit svar på gårsdagens spørsmål. Verken natur eller klima har råd til denne typen prosjekt.

Naturvernforbundet peikar i si fråsegn på at Transportøkonomisk institutt vurderer samfunnsnytten ved elektriske ferger til å vere høgare enn vegkryssing av Romsdalsfjorden. Det er denne vegkryssinga, som er venta å gi ein kraftig trafikkvekst, som blir nytta som grunngjeving for å ville byggje motorvegstandard på heile strekninga mellom Ålesund og Molde.

Naturvernforbundet sluttar seg her til fråsegna frå Statsforvaltaren, som krev ei utgreiing av ei minimumsløysing for strekninga, altså å behalde dagens veg med nokre trafikktryggingstiltak. Statsforvaltaren har i si fråsegn også peika på krava i klimalova om å leggje til rette for at Noreg er eit lågutsleppssamfunn i 2050. I denne samanheng er også Statens vegvesen sitt forslag om omfattande nedbygging av myr eit uakseptabelt forslag.

Naturvernforbundet peikar på at forslaget frå Statens vegvesen vil ha store negative konsekvensar for natur. Solnørvassdraget, som er eit verna vassdrag med store naturverdiar, vil bli sterkt påverka, noko som i for liten grad er vurdert i planarbeidet. Viktige friluftsområde blir også råka. Når det gjeld strekninga mellom Dragsundet og Digerneset vil det vere store konfliktar både knytt til bumiljø og natur med dei løysingane for veg i dagen Statens vegvesen legg opp til. Tunnelar er heller ikkje uproblematiske, disponeringa av tunnelmasser har store negative natur- og klimakonsekvensar.

Dessutan peikar Naturvernforbundet i si fråsegn på at omsynet til kollektivtransport på ingen måte kan seiast å vere vurdert godt nok i dei planane som er på høyring. Det noverande ekspressbusstilbodet på strekninga vil bli sterkt råka av ei motorvegutbygging. Naturvernforbundet meiner ei løysing med dagens trasé, men med tunnel forbi Sjøholt sentrum, kan vere aktuelt å vurdere på denne strekninga.