Nei til ståande skadefellingsløyve!

Rovviltnemnda for Trøndelag og Møre og Romsdal skal i møte 7. august behandle ein klage frå Naturvernforbundet på skadefellingsløyve for gaupe, jerv og ulv i regionen. Naturvernforbundet er ikkje samd med innstillinga frå Fylkesmannen i Nord-Trøndelag til møtet.

Naturvernforbundet venter at nemnda no vil forvalte rovdyrstammen. Denne forvaltninga skal både sikre ei levedyktig beitenæring og samtidig sikre dei store rovdyra si overleving i norsk natur.

I dette høvet betyr det at ein i alle fall må ha klarlagt at det ikkje dreier seg om individ med spesielt verdifullt opphav før det blir gjort forsøk på felling. Har ein ikkje dette klart for seg, er det berre bedøving og flytting av individ som er spesielt til plage som kan vere akseptabelt.

Prinsippa og forpliktingane i høve Bernkonvensjonen står fast og skal ligge til grunn for rovdyrforvaltinga. Det tyder at alle andre tiltak skal prøvast før eventuell skyting kan aksepterast. Eit ståande fellingsløyve vil vere i strid med Bernkonvensjonen.