Nesset kommune og lokal forvaltning

Naturvernforbundet ser av Driva for 26. april at Per Even Opsal, leiar av driftsstyret i Nesset har klare oppfatningar om fylkesdelplanen for Dovrefjellområdet. Viss synspunkta som kjem fram er Nesset kommune sin strategi for å få lokal styring med areal og naturressursar innan kommunen, er Naturvernforbundet ganske sikre på at dette ikkje vil lukkast.

Arealdisponering er ingen enkel kunst, og det er i alle fall ikkje enkelt å få det til med politisk utgangspunkt der naboar og sambygdingar har interesser som er i strid med samfunnet sine overordna mål. Då skal det og ryggrad til for å forvalte verneverdiane slik at dei ikkje blir svekka eller blir øydelagde. Dette er vanskelegare jo meir lokalt nivå det er tale om.

Naturvernforbundet deler Opsal si otte for at jordbruket sine kår går utover busettinga i bygdene. Men det blir feil når løysinga på dette er at verneverdiar blir kasta på båten for at grunneigarrettar kan bli nytta ut uhemma. Det er å løyse eit problem og samstundes skape nye problem som er mykje større.

Overføringane til landbruket kan nok vere i fare, men det bør ikkje vere noko stort problem å få til løysingar der landbruket får nyte godt av midla likevel. Den dagen løyvingane ikkje kan skje over landbruksdepartementet sitt budsjett, vil tida vere inne for å setje dei på miljøverndepartementet sitt budsjett i staden. Det er bruk for mykje skjøtsel av naturområde i åra framover, og det er trong for mange føter og hender i det arbeidet. Innan då bør grunneigarar ha førebudd seg godt. For når den dagen kjem blir det spørsmål etter lokale personar som har skaffa seg innsikt i å ta vare på naturen på naturen sine eigne premiss. Med dei naturverdiane som finst i Eikesdal og fjella rundt, er det mykje arbeid som skal gjerast, og store summar som skal brukast. Men er det råd å bruke politikarar og grunneigarar som over lang tid har motarbeidd verneverdiane? Det er i alle fall vanskeleg. Difor bør både politikarar og grunneigarar i Eikesdal ta skeia i ei anna hand, sjå dei moglegheitene som finst i naturverdiane og utvikle desse langsiktig og på naturen sine eigne premiss. Då finst det mykje framtid i Eikesdal.

Første steg i denne prosessen er å gå inn for det nye framlegget til fylkesdelplan. Det neste kan vere å droppe alpinplanane og når ein først er i rennet kan ein trekke klaga på vedtaket til fylkesmannen når deg gjeld motorferdsel i samband med alpinplanane.

Det blir og stilt spørsmål om næringslivet bør ha større innverknad i Dovrefjellrådet. I dette rådet sit det stort sett politikarar. Er det noko som er typisk for politikarar er det at næringsomsyn påverkar deira vedtak. Dette kjem heilt av seg sjølv. Vernetanken har til vanleg langt dårlegare kår. Politikarar har til vanleg ingen skruplar med å ete litt her og der av veneverdiar, og dele dei ut til alle andre gode føremål. I så måte har Dovrefjellrådet i større grad enn vi er vant med tatt avgjerder til gode for verneverdiane. Dette kan love godt for framtida. Men Nesset har ein lang veg å gå viss dei vil vere med på slike prosjekt.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Jeg vil gjerne støtte Naturvernforbundets arbeid for å ta vare på naturen