NO FÅR LANGEDALSELVA FLYTE FRITT ! – VI HADDE IKKJE RÅD TIL Å MISTE HO.

Naturvernforbundet har i mange år peika på verdien av Langedalselva som renn til Hellesylt i Stranda kommune. Elva har likevel fått to kraftverk, og no var det diverre fare for endå meire inngrep. Det planlagde Langedalselva kraftverk, som skulle ha leia vatnet i tunnel frå Karbø ca. ein kilometer forbi dei mektige fossane og hølane mot Hellesylt, hadde fått konsesjon av NVE. Men Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Naturvernforbundet og fleire andre klaga på denne konsesjonen. No låg tildelinga til avgjerd i Olje- og energidepartementet – som fredag 2019-03-29 stødde anka vår !

Resolusjon frå årsmøtet i Naturvernforbundet Ørsta og Volda,                                                     vedteken i årsmøtet 05.02.2019:

Vi har ikkje råd til å miste Langedalselva på Hellesylt.

Dei nye regjeringspartane, Venstre og Kristeleg Folkeparti skriv i sine partiprogram for 2017-2021:

Venstre mener at Verneplanen for vassdrag i alt for liten grad omfatter den
kystnære vassdragsnaturen, og vil sørge for at disse også blir vernet.
KrF mener tiden for de store vannkraftutbyggingene er forbi, og samtidig må vi hindre at summen av mindre inngrep fører til for stort press på vassdragene. Norsk
vassdragsnatur er unik, og den er hjem for mange truede og sårbare arter. Vassdrag, elver og brusende fossefall er en umistelig del av norsk natur.


Naturvernforbundet håper disse lovnadane står ved lag, og at alle regjeringspartia går inn for vern av elvar der kraftverkplanar har vist seg å vere konfliktfylte. Eit av disse er Langedalselva ved Hellesylt.

Fossar erstattast med vasstunnel
Naturvernforbundet har i mange år peika på verdien av denne fantastiske elva. Det
planlagde Langedalselva kraftverk, som skal lede vatnet i tunnel frå Karbø ca. ein kilometer
forbi dei mektige fossane og hølane mot Hellesylt, har fått konsesjon av NVE. Men
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Naturvernforbundet og fleire andre har klaga på denne
konsesjonen. No ligg tildelinga til avgjerd i Olje- og energidepartementet.

Verdsarvområdet forpliktar
To av hovudpunkta i ankane er friluftsliv og den samla belastninga på vassdragsnaturen i
området. Langedalselva renn langs innfallsporten til Verdsarvområdet Vestnorsk
Fjordlandskap. Fossande elvar frå fjell til fjord var viktig for nomineringa av
verdsarvområdet. Det skjer no ei stor satsing på reiseliv og opplevingsturisme på Sunnmøre
og i Nordfjord. Store aktørar har planar for utvikling av Hellesylt som turiststad. Konseptet er
å bygge «Basecamp – hotell».

Avhengig av urørt natur
Snøhetta arkitektkontor har laga planane, som er omtalt som eit banebrytande konsept i
norsk samanheng. Overnatting blir ei mellomting mellom tradisjonelt hotell og turisthytte, og
ein skal satse på enkelt friluftsliv og bruk av naturen for kvile, ro og til å samle nye krefter.
Mellom anna ved sykkelturar, turgåing og andre aktivitetar i nærområdet. Fleire og fleire kjem
for å padle, isklatre, juve, fiske eller berre gå tur eller oppleve dei mektige elvane i
landskapet. Hellesylt og Geiranger vil vere sentralt i satsinga på naturbasert reiseliv på
Nordvestlandet . Då vil det vere katastrofalt om denne fantastiske delen av Langedalselva
med kvite fosser og djupe blåklare fiskehøler vert bygt ut. Turiståra Fylkesveg 60 frå
Nordfjord til Geirangerfjorden går tett attmed elva. Det same gjeld ferdsel til Norangsdalen og
Hjørundfjorden. .

Elva langs Designvegen
Ei anna nyskaping er prosjektet Designvegen Fylkesveg 60. Dette er eit samarbeid mellom
kommunane Sykkylven, Stranda, Hornindal/Volda og Stryn. Sykkylven Næringsutvikling står
bak prosjektet som har som eit hovudmål å skape grunnlag for vidare satsing på reiseliv.
Naturopplevingar langs Fylkesveg 60 er sentrale. Langedalselva gir intense naturmøte i nær
avstand til denne vegen der turistane ferdast.
Ei vill og fiskerik Langedalselv, som ikkje går i tunnel til kraftverk, er heilt avgjerande for at
ein får til prosjekta med positiv vekst i naturbasert turisme. Naturvernforbundet håper no
reiselivsnærings kjem enda sterkare på bana, og seier klart i frå at denne typen utbygging,
som også vil føre til nye høgspentliner, sterkt vil redusere kvaliteten av landskapet og det
turistane kjem for å oppleve.

Bergfrue og fossekall
Ein ressurs både i turisme og for fastbuande er livet langs og i elvestrengen. Mykje av
biologisk mangfald i elvejuv er lite kartlagt, til dømes liv av smådyr og mose i berg og
fossesprøyt. Men fossekallbestanden i Langedalselva er dokumentert som den tettaste på
Sunnmøre, og det er indikator på stort biologisk mangfald i elva. Mange som går langs elva
er også imponert over fjellveggar med Noregs nasjonalplante bergfrue. På kveldstid jaktar
vassflaggermus over hølane, ei uvanleg og fantastisk oppleving.

Kan ikkje betalast med straum
Årsmøtet i Naturvernforbundet i Ørsta/Volda vil streke under at Langedalselva er ei elv vi
ikkje har råd til å miste. Straumproduksjon kan på ingen måte betale dei store
miljøkostnadane denne utbygginga gir. Vi må sikre at Langedalselva får renne fritt til glede
for komande generasjonar. Vi vil difor igjen på det sterkaste oppmode Olje- og
energidepartementet om å seie nei til konsesjon til denne konfliktfylte utbygginga.