Nok helikopterfilming no!

Naturvernforbundet har trudd at det går an å drive reklame for fjell utan å bruke dei opp alle saman. Dette skriv Naturvernforbundet i Møre og Romsdal saman med Naturvernforbundet i Ørsta-Volda i ein klage til Ørsta kommune på løyve til helikopterlandingar på Kårdalstindane og Kalveskrednipa rett før påske.

Det er fleire sider ved denne saken som er sentrale for klagen til Naturvernforbundet:
1) Tidspunktet er svært nær opp til søknadstidspunktet
2) Område prioritert for friluftslivet er råka
3) Det blir opna for motorferdsel overalt

Naturvernforbundet vil med denne klaga seie klart frå at slik denne skifilmverksemda får sleppe til, så føler vi oss jaga frå fjellområde der vi i all moderne tid har fått drive enkelt friluftsliv i ro og fred utan trafikkstøy.

Elles er også denne saken eit døme på at søkjar og kommune har ei sakshandsaming som ikkje gir rom for reell klagerett. Denne saka viser at ein må rekne inn minst ein månad til saksførebuing for å nærme seg ei forsvarleg sakshandsaming. Dermed sit Naturvernforbundet igjen med retten til å få klaga handsama etter at flyginga er gjennomført. At dette kan skje ein sjeldan gong skal vi ikkje klage på, men at dette skjer kvar gong, det er ugreitt. Særleg når Fylkesmannen alt for fleire år sidan i andre klagesaker har sagt noko om at omfanget av desse sakene begynner å bli så stort at det vil vere ein fordel om ein kommune avslår ei sak for eventuelt å få prøvd ei klagesak ”motsett veg”.