Nokre få helikopter?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Jo Unhjem er ikkje plaga enno av helikopter i fjellheimen seier han i eit lesarinnlegg i Åndalsnes Avis 4.8. Det kan så vere. Dei var ikkje plaga med motorbåtar i Oslofjorden og langs sørlandskysten i si tid heller. Det er gjerne nødvendig å forklare litt nærare kva som held på å utvikle seg, så kan det hende det blir lettare å sjå kva Naturvernforbundet har sett byrjinga på.

Støy er uønska lyd. Uønska lyd har ofte den eigenskapen at vi legg meir og meir merke til han. Til slutt kan det gå på helsa laus. I andre høve merkar vi ikkje lyden før han fell bort. I rom med lysrøyr er det ein slitsam lyd som vi ikkje tenkjer over før vi slår av lyset. Då merkar vi at det var godt å slå det av og at det blir stilt. Elles er det slik at vi lettare aksepterar ”nødvendig” støy enn unødig støy. Vi vil ofte reagere ulikt på same sort støy avhengig av stad og tid. Støy frå grasklippar ein kvardag på dagtid er akseptert, medan same støyen ein søndag føremiddag kan vekke mykje reaksjon. Støy er eit aukande problem i samfunnet. Stadig fleire menneske blir plaga. Det er stadig vanskelegare å finne stader utan støy.

Helikopterbruk i samband med redningsaksjonar, visse politioppgåver og reparasjon av kraftliner er akseptert som nødvendig. Det har og vore nærast full forståing for transport av utstyr til Turistforeninga sine hytter. Det er ikkje slik trafikk vi talar om. Flytrafikken er eit problem, men det har ikkje kommunen råd for.

Det som har skjedd siste året er noko heilt anna. Det dukkar opp nye typar næringar som får løyve til helikopterlandingar nærast utan innvendingar. Seinare søknader skal ha same handsaming etter norsk forvaltningspraksis, og dermed har kommunen opna for føremål som i første omgang er avgrensa, men som i neste omgang kan få eit stort omfang. Det er det som er problemet.

Filming av ekstremsport er eit område. Kommunen kunne ha avgrensa slik aktivitet til ein mindre del av kommunen. Då ville store delar av kommunen vore fri for dette, og filmfolka ville likevel få bra film. Gridsetskolten og nærliggande område er ein del påverka av støy frå samferdsel frå før og kunne kanskje ha eigna seg.

I bilreklame har det lenge vore diskriminerande og ulovleg å ha puppedamer på panseret sidan det ikkje er det bilar skal nyttast til. Reklamefilmløyve kunne godt ha vore avgrensa til å gjelde produkt som har med fjellet å gjere. Når DnB NOR får høve til å lage reklame for sine finansprodukt som ikkje har noko med fjellnatur å gjere, tyder det at alle andre firma også må få lov. Heller ikkje dei fekk avgrensingar anna enn å halde seg utanfor verneområde.

Når Raumarock fekk løyve til å flyge eit rockeband til fjells, finst det då noko som kan nektast? Då har ikkje kommunen særleg mykje dei kan seie viss det kjem ein liten sverm med helikopter kvar gong det ligg turistbåtar i fjorden?

På Korsbakken 1. september arrangerer Naturvernforbundet politikardebatt med naturglede som sentralt tema. Der blir dette heilt sikkert ein del av debatten. I tillegg er det råd å vere med på fleire andre arrangement med liknande tema den helga.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen