Norsk gasskraft er ikkje bra for Europa

To av konsulentane til Hustadmarmor, Kristian Lien og Arne Festervoll, har eit innlegg i Sunnmørsposten 9. februar der dei hevdar at det å byggje eit gasskraftverk i Fræna er bra for miljøet i Europa, for då kan vi eksportere meir vasskraft og det skal vere bra. Dette er eit svar på det innlegget.

Vi i Naturvernforbundet meiner det er viktig å redusere klimagassutsleppa både frå Noreg og frå Europa. No ser vi at Noreg er i ferd med å bli eit av landa i Europa som aukar klimagassutsleppa våre raskast ? sidan 1990 har utsleppa våre auka med ni prosent medan vi berre har lov til å auke utsleppa våre med ein prosent innan 2012. Gasskraft er ikkje akkurat svaret på denne utfordringa.

Dessutan er det slik at vi allereie eksporterer kraft kvar einaste dag og importerer kraft kvar einaste natt. Dermed fungerer Noreg allereie i dag som ein regulator for utanlandsk kraft. Grensa for reguleringar ligg allereie i dag i overføringskapasiteten. Naturvernforbundet kan difor ikkje sjå at å byggje ut meir grunnlast i Noreg vil gi noko særleg auka samdrift med den europeiske kraftmarknaden.

Gasskraft på kontinentet blir dessuten nytta mykje betre enn nokon har sett det mogleg i Noreg. På kontinentet blir energiproduksjonen optimalisert med såkalla Combined Heat Power-teknologi (CHP) der også varmen frå gasskraftproduksjonen blir nytta. Dermed er det ein virkningsgrad på over 90 % i nye gasskraftverk på kontinentet, medan vi i Noreg berre produserer elektrisitet frå gassen og difor berre tek ut drøye 50 % energien av gassen. Sagt på ein annan måte: Dei planlagte norske gasskraftverka slepp ut dobbelt så mykje CO2 som moderne europeiske gasskraftverk. Det er faktisk tvilsomt om dei planlagte norske gasskraftverka er betre enn ny europeiske kolkraftverk, utan at Naturvernforbundet ønskjer meir av den sorten heller. Norske gasskraftverk sløsar uansett så mykje med energien at det ikkje er sikkert dei er lovlige etter EU-lovgivinga.

Kanskje Hustadmarmor skal sjå seg om etter miljømessig betre måtar å skaffe energi på?

Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal