Notat: Innspel til arbeidet med fylkesdelplanar for småkraft
Her kjem nokre innspel til arbeidet med å utforme retningslinjer for fylkesdelplanar for mindre kraftutbyggingar.
På tampen av 2003 la Bondevik-regjeringa fram ein plan for auka etableringa av små kraftverk. Planen hadde eindel økonomiske verkemiddel, men det viktigaste var at regelverket for bygging av mindre kraftverk vart endra:
-vesentleg heving av grensa for behandling i høve til Samla plan for vassdrag
-oppmjuking av regelverket i høve til konsesjonshandsaming for kraftverk i verna vassdrag
-kraftverk som ikkje krev konsesjon vert handsama som vanleg byggjesak i kommunen
NVE anslo nyleg at potensialet for utbyggingar under 3 kr/kWh til 25 TWh. Ytterlegare 7 TWh har investeringskostnader mellom 3 og 5 kr/kWh (Jensen 2004). Dette tilsvarar tilsaman 9 500 kraftverk.
Mange prisverdige enkeltprosjekt for produksjon av fornybar energi ligg blant desse. Men område som er egna for småkraft omfattar også viktige og sårbare lokalitetar mhp biologisk mangfold.
Elvar og bekker er også mange stader viktige landskapselement som gir visuell variasjon og trivsel for fastbuande og turistar. Uten betre dokumentasjon og planlegging vil denne nye, storstilte vasskraftutbygginga føre til brot med Noreg sine internasjonale forpliktelsar innan både vassdragsforvaltning, vern av biologisk mangfold og landskapsvern.
Tema vi meiner det bør leggast spesiell vekt på ved etablering av små kraftverk er:
➢ Mange bekker små; sumeffektar av inngrep
Slik regelverket er i dag blir utbyggingsprosjekt innan same nedbørsfelt behandla som individuelle saker. Inngrep i mindre deler av vassdrag er jo sjeldan ein stort problem dersom områda ikkje har heilt unike naturkvalitetar. Derfor blir altså dei fleste mindre kraftverk ikkje handsama etter vassressurslova. Naturvernforbundet meinar imidlertid at ei bit-for-bit-utbygging av den resterande norske vassdragsnaturen vil føre til tap som vedgår heile samfunnet. Vi må våge å sjå denne storstilte utbygginga i samanheng; bare slik kan vi gjere realistiske avvegingar mellom natur og næring.
Alt i dag står 337 artar tilknytta ferskvatn på raudlista. Men relativt vanlege artar kan også stille høge krav til miljøet rundt seg. Mange av artane som lever i og nær fossar og stryk er svært spesialiserte og kan ikkje utan vidare etablere seg i andre miljø. Slik står no nokså vanlege artar (som nasjonalfuglen fossekall og den noko meir ukjende vintererla) i fare for å havne i den nye utgåva av raudlista.
Dersom det nasjonale målet er ei utbygging på over 25 TWh, utan tilhøyrande ambisjonar om tilfredsstillande kartlegging, er det ikkje tvil om at målet om å stoppe tapet av biologisk mangfold innan 2010 er langt utanfor rekkevidde.
➢ Vernestatus
Område verna etter naturvernlova/kulturminnelova
At område som er, eller skal bli, verna etter naturvernlova ikkje kan vurderast i samband med kraftutbygging ser vi på som sjølvsagt. Dette gjeld også areal med automatisk freda kulturminne.
Vassdragsvern
Utbygging i verna vassdrag fører i praksis til ei utholing av vernet. Det var jo heilskapen i vassdraget som låg til grunn for vernevedtaket! Vassdrag som var fragmenterte/prega av inngrep vart konsekvent plukka vekk frå supplerande verneplan av NVE. At vanskar i verneprosessen fører til hestehandel tilsvarande situasjonen i Bjerkreimselva (der ein opna for bygging av kraftverk med installert effekt opp til 3 MW) trur vi svekkar både verneprosessen og den påfølgande forvaltninga av vassdraget. Bjerkreimselva står i fare for å bli eit verna vassdrag «på kjøt og flesk».
➢ Dokumentasjon av biologisk mangfold og andre verdiar knytta til vassdraget
Auke av økonomiske rammer og revisjon av NVE sin rettleiar
Å auke kostnadsramma for biologisk mangfold-undersøkelsen vil by på fordeler for både miljøforvaltning og utbyggar. Rapporten om biologisk mangfold må være såpass konkret at den kan fungere som eit verktøy for å avgjere kva både kva konsekvensar inngrepet vil ha, og kva avbøtande tiltak som vil kunne fungere. Dette betyr at den som står for rapporten må vere pålagt å utføre eit grundig feltarbeid. Fosserøyksoner skal undersøkast av personell med relevant kunnskap om naturtypen og om artane som finst her.
Altså må det vere økonomisk rom for grundige feltundersøkelsar, slik at ein kan fastslå kva artar som faktisk finst i vassdraget, ikkje kva artar som sannsynlegvis kan tenkjast å vere der.
Kr 40 000,- vil i dei fleste tilfelle kunne dekke ein rapport som handsamar tema som biologisk mangfold, landskap og kulturminner på reelt grunnlag, dersom utbyggar i forkant kan legge fram eintydig informasjon om både sjølve kraftverket og den tilhøyrande infrastrukturen sitt omfang.
Det bør også vere rom for at direktoratet kan pålegge etterundersøkelsar i utbygde vassdrag, for slik å heve presisjonsnivået på framtidige konsekvensvurderingar.
NVE sin rettleiar for dokumentasjon av biologisk mangfold ved bygging av småkraftverk (Brodtkorb og Selboe, 2004) er prega av økonomiske kompromiss, og må opp til revisjon i løpet av 2006.
Vurdering av konsesjonskrav på godt kunnskapsgrunnlag-
også for kraftverk under 1 MW
Installert effekt er avhengig av fallhøgd, turbin-type og anlegget sin slukeevne. Det kan derfor virke vilkårleg at kravet til begrensa undersøkingar av biologisk mangfold er basert på kraftverket sine dimensjonar. For å kunne avgjere om utbyggar treng konsesjon, må dokumentasjon av biologisk mangfold, friluftsliv, kulturminner og landskap ligge til grunn, uavhengig av kraftverket sin installerte effekt.
Vi er klar over at kravet til dokumentasjon aukar ved overføring og/eller oppdemming av vatn, og støttar NVE si vurdering her.
Definisjon av påverka område
Området som blir påverka av inngrepet (ofte kalla influensområdet) omfattar sjølvsagt også området der trafo eller veg blir bygd, der massar blir fjerna eller deponert, og trasé for evt ny kabel/linjenett. Dette området må også inngå i biologisk mangfold og kulturminne-kartlegginga.Det må stillast krav til at utbyggar har gode planar og tekningar av dette i meldingsfasen, slik at vurdering av konsekvensar er praktisk mogeleg.
I denne samanhengen vil vi minne om at lokallaga våre stadig får inn saker der behovet for landbruksveg er tett knytta opp mot planar om småkraft og/eller hyttebygging. Tilhøvet til landbruksforskrifter og tilskotsordningar må avklarast for hindre ytterlegare tap av inngrepsfri natur. Eit viktig avbøtande tiltak ved vasskraftutbygging er å ikkje gi løyve til bygging av permanent veg. Dette er spesielt aktuelt i område nær inngrepsfri natur og i område med verdifulle landskapskvalitetar.
For landskaps- og friluftslivsdelen av rapporten må influensområdet omfatte heile arealet inngrepet er synleg frå.
Pålegg om/oppfølging av minstevassføring
Minstevassføring kan bli pålagt i konsesjonsprosessen. Det har imidlertid ikkje lukkast oss å få klarhet i korleis minstevassføringa blir følgt opp i dei forskjellege kategoriane av mindre kraftverk. Det bør stillast same krav til både større og mindre utbyggingar når det gjeld å informere både direktoratet og folk flest om oppfølging av minstevassføringa.
➢ Vassdragsforvaltning
I dag blir kraftverk over 1 MW som regel vurdert etter vassressurslova. Resten (ca ¾) blir i siste instans handsama som ei vanleg byggjesak, etter at NVE har vurdert behovet for konsesjonshandsaming.
I kommunane
Etter at MIK-overføringane mista øyremerka i 1997, har det gått nedover med miljøambisjonane til mange utkantkommunar. Det er ein reell fare for at dei kommunane som treng det sårast, ikkje sjølv klarar å ta ta overordna omsyn til bevaring av biologisk mangfold, og at dei ikkje sit inne med kapasitet/kompetanse nok til å aktivt bruke PBL som eit aktivt reiskap i kommunen si arealforvaltning.
Ei heilskapleg, miljøretta forvaltning?
Naturvernforbundet legg vekt på at den norske vassdragsnaturen er ei felles arv med fleire kvalitetar enn bare potensiell energi, og set spørsmålsteikn ved om NVE har klart å fornye seg nok som organisasjon til at den nødvendige miljøforståinga inngår som ein naturleg del av vurderingane i konsesjonssaker etter vassressurslova.
Det nye vassrammedirektivet skal sørgje for at forvaltninga av alt vatn, også modifiserte førekomstar, skal få ei meir koordinert forvaltning enn vi har vore vitne til fram til i dag.
Miljøverndepartementet er ansvarleg myndighet for gjennomføringa av vassrammedirektivet.
Det er dermed naturleg at Direktoratet for naturforvaltning får det overordna ansvaret for vurderingar som omhandlar status og miljømål i vatn og vassdrag. Naturvernforbundet går inn for at forvaltninga av naturverdiane i norske vassdrag må leggast til Direktoratet for naturforvaltning, der den nødvendige kompetansen for ei heilskapleg vassdragsforvaltning alt finst.
➢ Inngrepsfri natur
Her har signala vore klare gjennom lang tid og mange regjeringar. Stortingsmeldingar som omtalar verdien av inngrepsfri natur omfattar 29 (1996-1997), 58 (1996-1997), 42 (2000-2001), 39 (2000-2001) og 25 (2002-2003). Områdene forsvinn likevel fortare enn Direktoratet for naturforvaltning kan få kartlagt dei, og dette kan NVE ta mykje av æra for.
Inngrep i villmarksprega og sone I-område (>3 km frå næraste tekniske inngrep) vurderer vi som totalt utelukka, med bakgrunn i det bortfallet som kraftutbygging og landbruksvegar medført gjennom etterkrigstida.
Inngrep i sone II-område må kunne vurderast dersom området er mindre enn 5 km2 i utstrekning, dvs at det ikkje fungerer som buffer for sone I eller villmarksprega område. Dette meinar vi er i tråd med vanleg metode for verdivurdering av inngrepsfrie område (Gaarder 2003).