NOx-avgift på cruisetrafikken – lokale reaksjonar

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har registrert nokre lokale reaksjonar på at cruisebåtar vil få innført NOx-avgift. Mellom anna har fylkesordførar Jon Aasen lova Sunnmørsposten å ta kontakt med miljøvernministeren for å få gjort noko med saken. Naturvernforbundet har eit NOx-spørsmål miljøvernministeren kanskje kan få svar på frå fylkesordføraren.

Det har kome eit krav om omkamp om avgifta på utslepp av helse- og miljøskadelege nitrogenoksid (NOx), særleg knytt til cruisetrafikken. Naturvernforbundet sender ei åtvaring til miljøvernminister Helen Bjørnøy. Naturvernforbundet etterspør heller fleire NOx-reduserande tiltak.

Fylkesleiar Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å ta vare på naturen

Brevet til miljøvernminister Helen Bjørnøy

Svar frå Miljøverndepartementet