Nullutslepp på Langøya?

Dagfin Simonsen er på sjarmoffensiv igjen. Det er ikkje alltid lett å sjå kva slike som han vil og kan få til, men ofte er det viktigare at det kjem inn pengar i eigen pung enn at t.d. miljøet blir passa på for vår eigen og for framtidige generasjonar. Kvar og ein får spørje seg sjølv kva dei trur om den saka. Naturvernforbundet har ikkje akkurat sett det store framsteget i dei nye planane.

Sidan sist gong denne saka var under handsaming har vi fått nokre svar:

– Det er gjennomført ei undersøking av dei biologiske verdiane på Langøya. Oppsummeringa av denne undersøkinga tilseier at strandenga i området har betydelege verdiar, og at desse verdiane står i overhengande fare for å gå tapt ved utbygging.

– Simonsen har funne løysingane som gjev nullutsleppssamfunnet.

For eit år sidan framstilte Simonsen plana som eit økologisk prosjekt. Etter Naturvernforbundet sitt syn var økologien i prosjektet nærast fråverande. No kan vi sjå av Aura Avis at prosjektet blir marknadsført som ”verdens kanskje første nullutslippssamfunn”. Viss innhaldet i dette har like lite hald som økologien for eit år sidan, er dette falsk marknadsføring for å få planane gjennom kommunal handsaming. På førespurnad har ikkje Tingvoll kommune fått noko dokument om dette, så dette er heilt i det uvisse. Difor er vi no nøydde til å gjette kva dette går ut på.

Det tilseier truleg at turen ut i byrjinga av september skal skje med robåt. Robåt og seglbåt er vel einaste tilnærma nullutsleppsløysing for transporten. Den kjappe turen frå flyplassen til Langøya vil då krevje ganske mykje båtmannskap. Då har også snakket om 40 arbeidsplassar truverde. Men bygging av 12 store (?) hytter og resten av pakka kan bli ei interessant utfordring.

Naturvernforbundet ser fram til at Simonsen si oppskrift på nullutsleppssamfunnet kjem fram offentleg.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll

For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Tingvoll kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet