NVE avslår to småkraftverk og gjev løyve til eit

NVE har gjort tre vedtak om mindre kraftverk i Volda kommune i Møre og Romsdal. – Vedtaka er til å rope hurra for, seier Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Lokallaget Naturvernforbundet i Ørsta og Volda, har arbeidd med alle tre sakene. Fylkeslaget har vore med på to av dei. No er det jubel i begge laga.

Aurstadelva er eit monumentalt vassdrag som kastar seg nedetter fjellsida. Småkraft sitt prosjekt for utbygging av elva er av naturvernarar og andre omtala som ”heilt vilt”. Volda kommune innstilte på nei til søknaden, og vedtok også nei til revidert søknad. NVE sa nei. – Det er ikkje usannsynleg at Småkraft klager, så vi er vel ikkje ferdig med saka, men denne vinn vi no, seier ein nøgd Øystein Folden.

Botnaelva i Volda har Naturvernforbundet i Ørsta og Volda arbeidd for å redda. Her er det variert vassdragsnatur frå fjell til fjord, med gode naturkvalitetar. NVE sa nyleg nei til utbygging.

– Skinvikelva, i Austefjorden i Volda, er ei symbolsak. Her kom det ein opprinneleg søknad som Naturvernforbundet godtok utan problem, sidan det var elvestrekninga gjennom kulturmarka som skulle nyttast, fortel Øystein Folden. – Så kom det ein revidert søknad som ville ta inn vatnet halvveges oppi Skinvikfossen. Då sa vi frå om at utbyggarar må ha magemål. Det tykkjer visst NVE også, så utbygginga kraftselskapet får lov til, blir vel i samsvar med den første søknaden som var grei nok.

– Det er ein stor avslagsprosent, men resultatet i dette høvet må sjåast på bakgrunn av at mykje er bygd ut i dette området frå før. Uansett syner dette oss at det nytter å arbeide med desse sakene, konkluderer fylkeslagsleiar Folden.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal går ut mot Aurstad-utbygging

Les sak om Botnaelva her

Les Naturvernforbundet sitt syn på Skinvikelv-saka her

Spar Skinvikfossen!

Sjå nettsida til Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Sjå nettsida til Naturvernforbundet i Ørsta og Volda