– NVE godtar uakseptabel utbygging av Kvanndøla

– Her gir NVE løyve til ytterlegare rasering av natur i Møre og Romsdal. Naturvernforbundet vil ta opp denne saka med olje- og energiminister Odd Roger Enoksen snøggast råd, seier leiar i Naturvernforbundet i fylket, Øystein Folden.

Kvanndalen er urørt og er likevel tilgjengelg for dei fleste til fots eller på hesteryggen. Eit kraftverk med veg vil øydelegge denne opplevinga.

Naturvernforbundet har vore aktiv i denne saka lenge. No vil Folden ta opp med miljøvernministeren om grensa for landskapsvernområdet kan flyttast fram på kanten av Kvanndalen, for å få stoppa utbygginga.

– Denne utbygginga er eit døme på at sjølv om utbygginga ligg utanfor landskapsvernområdet, vil ho vere negativ for dei verdiane samfunnet har forsøkt å ta vare på gjennom vernet, meiner Folden.

Saka er allereie teke opp på nasjonalt nivå i miljøvernorganisasjonane i Noreg, og vil bli fulgt derifrå også. Naturvernforbundet har m.a. stilt spørsmål ved om NVE er ugilde når det gjeld behandlinga av saken, det har NVE ikkje kommentert i si avgjerd.

For meir informasjon, kontakt Øystein Folden på 91 81 25 42.

Les NVE sin uttale til Olje- og energidepartementet