Ny kommuneplan for Vestnes – Naturvernforbundet spør om støy og naturmangfald

Naturvernforbundet i Vestnes har hatt arealdelen til kommuneplanen ute på høyring. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har gitt innspel.

Naturvernforbundet ber Vestnes kommune identifisere stille areal, altså areal som er skjerma frå støykjelder som vegtrafikk, industri og fjordtrafikk. Dette med tanke på at ein kan unngå at nye tiltak fører til at slike område blir øydelagde av støy i framtida.

Vidare ber Naturvernforbundet om at det biologiske mangfaldet blir kartlagd der det kan vere tale om ny verksemd, som t.d. mellom Helsetnakken og Vikenakken. Utan slik kartlegging kan ein ikkje ha oversikt over kva konsekvensane av tiltaka kan vere.