Ny kraftlinepolitikk: Naturvernforbundet utfordra finansministeren

Omkransa av ei heimelaga kraftline blei finans- og bærekraftminister Kristin Halvorsen utfordra til å nytte sjøkabling av kraftlina frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre som eit første steg på vegen mot ein ny kraftlinepolitikk.

Det var Øystein Folden frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal og Jon Farestveit frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane som foran landsmøtet i Naturvernforbundet overrakte finansminister Kristin Halvorsen denne utfordringa.

– Kraftleidinger er ikkje perleband rundt halsen til Mor Noregs land, sa Øystein Folden. – Kraftleidninger gjennom lufta er best eigna til å binde gamaldagse politikarar med.

Kampen står no om 300 km naturøydeleggjande kraftline mellom Sogn og Sunmøre. Naturvernforbundet meiner kostnaden av miljøøydelegginga for folk og natur må verdsetjast mykje høgare, landskapet si verdiskaping likeeins.

– Forureinar må betale, meiner Naturvernforbundet. Dette gjeld fleire store kraftlinesaker rundt i landet. Difor treng vi ein ny politikk der kraftleidningane må i kabel mange fleire stader, sa Folden.

– Eg har eit sterkt engasjement, og eit klårt innspel frå landsmøtet i SV med meg når vi arbeider vidare med denne saka i Regjeringa, sa Halvorsen, som ikkje ville lekke frå det interne arbeidet i regjeringa.

Også leiar Lars Haltbrekken brukte mykje tid på kraftlinesaker i sin tale til landsmøtet. Han viste til at dei løysingane som blir nytta i dag var omstridde alt på 1940-talet, og han etterlyste nye løysingar i ei ny tid.

Under ligg nokre bilde frå overrekkinga. Desse kan ta litt tid å laste, men dei kan nyttast fritt. Oppgi foto: Naturvernforbundet.

For meir informasjon kan Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kontaktast på telefon 91 81 25 42 og Jon Farestveit i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane kontaktast på 41 65 91 44. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Kristin Halvorsen presenterte eit forslag til ein nasjonal strategi for berekraftig utvikling

Utfordringa Kristin Halvorsen fekk overlevert

Øystein Solevåg med foredrag om miljøgifter på landsmøtet 2007

Jon Farestveit og Kristin Halvorsen med ei heimelaga kraftleidning.

Jon Farestveit og Kristin Halvorsen med ei heimelaga kraftleidning

Øystein Folden og Kristin Halvorsen med ei heimelaga kraftleidning

Jon Farestveit og Kristin Halvorsen med ei heimelaga kraftleidning

Øystein Folden overrekker utfordringa til Kristin Halvorsen

Øystein Folden, Jon Farestveit og Kristin Halvorsen